Page 75 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 75
FOTO: AP/GEERT VANDEN WIJNGAERT
DANSKEN, NORSKEN – OG FINNEN – OG TYSKAREN: – I did it may way, kunne den finske utanriksministeren Pekka Haavisto sei. Her er han saman med sin norske kollega Anniken Huitfeldt, lykkeleg i midten, og den danske topp-politikk-maskina og noverande utanriksminister Lars Løkke Rasmussen. Den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock (til høgre for Haavisto) verkar også svært letta over at Finland er blitt det 31. medlemslandet i Nato.
Her har dei meir å bidra med enn dei store Nato-landa Tyskland, Frankrike og Spania til saman.
GODT FØREBUDD SIVILFORSVAR
Etter utbrotet av krigen i Ukraina veit det finske folket korleis det er verna av sivil- forsvaret. Det finst ei rekkje underjordiske miljø som idrettshallar, parkeringshus og tunnelbanen i Helsinki som raskt kan gje-
rast om til tilfluktsstader. Små kommunar har ikkje slike førebuingar, men store og strategiske byar og stader står på lista.
DEI FØLSAME MINENE
Omfattande bruk av antipersonellminer som infanteriet har, også kalla «tråk- ke-på-miner», er ein billig måte å verne ei lang landegrense på. Dei er likevel svært omstridde internasjonalt og nasjo-
nalt. Noreg og Finland er dei einaste landa med grense mot Russland som har forbod mot dei.
Samstundes har finnane nokre antiper- sonellminer på lager. Det er blant anna for at finnar på internasjonale oppdrag skal kunne kjenne dei att. Det er også ein offentleg løyndom at Finland har tatt vare på rettleiinga for bruken.
Sjøminer er derimot aksepterte og ein
FORSVARETS FORUM 75