Page 77 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 77

  FOTO: MEDIAMANIA
 KAN GJERAST OM TIL TILFLUKTSROM: Metroen i Helsinki er eitt av mange gigantiske underjordiske miljø som raskt kan gjerast om til tilfluktsstad. Det same gjeld idrettshallar og parkeringshus.
TRENG MEIR ENN SVERIGE
Finland har vore ærleg på at landet ville gå saman med Sverige inn i Nato. Men sjå på finnane sitt kjøp av dei nye jagarflya. Då lurte kanskje svenskane igjen på om det eigentleg er USA som er bestevennen til finnane militært.
I det daglege er Sverige kjempebeste- venn, men lenge før dagens alvor heldt det ikkje med «söta bror». Dei blågule stiller i lettvekt, mens Russland og USA utkjempar ein tittelkamp i supertung- vektklassen.
I det lyset kan vi sjå Finland sitt val av jagarfly, som kan sjåast i lys av den historiske fridomen landet følte etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing for ein menneskealder sidan. Det låg ein klar symbolikk og medvit bak valet av ameri- kanske Hornet på 1990-talet.
Utan dårleg samvit vart den same sterke viljen demonstrert i desember 2021: Då droppa Finland igjen svenske Jas Gripen, sjølv om finnane visste at dei snytte Sverige for det som for halvtanna år sidan ville blitt tidenes aller største industriavtale med eit anna land. Før Donald «America First» Trump vart fødd, har finnane visst og vist at dei må tenkje «Finland først».
Historie påverkar i stor grad både men- neske og nasjonar. Finnane gløymer aldri at dei vart styrt frå Moskva frå 1809 til 1917.
TAKTISK STILLHEIT
Trass i eit kult ytre ber nok Finland med seg ei konstant uro for å bli svikta. His- toria har vist at dei har grunn til å tenkje som Estland sin tidlegare utanriksminis- ter Trivimi Velliste sa då eg møtte han for Aftenposten i 2011:
«Eg stolar på at USA og Noreg kjem om vi treng dykk. Likevel kan det bli dra- matisk dersom USA er så opptatt andre stader i verda at Kreml kan utnytte det raskt. Eg trur på Natos artikkel 5, men tar han ikkje som ei sjølvfølgje. Eg er ikkje redd, men uroa.»
Her kan noko av den taktiske stillheita til finnar og baltarar ligge. Å halde korta tett til brystet kjenneteiknar også Peter Hultqvist, som etter åtte år som svensk forsvarsminister vart leiar av forsvarsko- miteen i Riksdagen etter valet i fjor haust.
I november 2021 garanterte Hultqvist dei mange mistenksame på landsmøtet til Socialdemokraterna at Sverige sitt «dju- pare» samarbeid med Nato ikkje betydde medlemskap.
Eit halvt år seinare sa Hultqvist sin statsminister Magdalena Andersson: – Vi går hand i hand med Finland under heile prosessen om medlemskap.
Dei tette svensk-finske forsvarsbanda har fått Hultqvist til å rykkje austover. Ikkje til opprusta Gotland, men heilt inn
i den finske skjergarden, der svensken like godt har kjøpt fritidsbustad – med ein finne.
GIR IKKJE OPP
Finland er fullt i stand til å starte indus- triell mineproduksjon igjen. Monte- ringskatalogen blei ikkje kasta då Finland seinare enn dei fleste skreiv under på Minekonvensjonen. Grunngjevinga var at det kunne bli aktuelt å produsere «tråkke-på-miner» dersom Finland skulle hamne i ei krise.
Finnane meiner at det er krise no. Vi veit likevel ikkje om produksjon av nye antipersonellminer er i gang. Finnane føler i alle fall at Russland i fjor stal fri- domsgullet frå dei etter at så mykje blei snudd opp og langt ned i Europa sin tryggleikspolitiske kvardag.
Kanskje Putin bør ta ein telefon til Aksel Hennie og spørje om den kamu- flerte evna filmfinnen har til å til å over- rumple.
Ei av kvinnene i filmen definerer den finske mentaliteten treffande::
– It is not about who's the stron- gest. This is about not giving up. We have a word for that in Finland:
SISU!
FORSVARETS FORUM 77











































































   75   76   77   78   79