Page 76 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 76

 NABOBLIKK
viktig del av Finlands territorialforsvar til sjøs. Dess meir folk i Finland veit om miner, dess mindre snakkar dei om det. Likevel er det naturleg å rekne med at dei først og fremst skal nyttast til å forsvare dei viktigaste hamnene i Finskebukta.
Som eksportør av sjøminer omfattar verksemda nesten ein totalentreprise, ikkje minst i Austersjøen. Der vert minene tilpassa dei lokale farvatna, og dei finske nisjeekspertane er sentrale også i vedli- kehaldet. Men talet på miner, kor mykje pengar som vert bruka i produksjonen, og kor mange euro som kjem tilbake til statskassa etter sal, er ein løyndom i aller øvste og taus-som-ein-østers-klasse.
Mot slutten av inneverande tiår skal Finland etter planen ikkje berre ha 60 nye F-35 jagarfly, som Lockheed Martin allereie har starta produksjonen av. Dei neste åra skal avanserte multifunksjons- korvettar i Pohjanmaa-klassen blant anna kunne leggje sjøminer på meir avansert måte enn tidlegare.
SLEKTSKAP MED BALTARAR OG UKRAINARAR
Sosialdemokraten Sanna Marin var stats- minister i Finland då krigen i Ukraina starta. Nokre gonger uttalte ho seg litt annleis enn sine nordiske kollegaer.
Marin var til dømes så ope for jagar- fly til Ukraina at både president Sauli Niinistö og forsvarsleiinga vart tatt på senga. Dei visste ikkje om utspelet til statsministeren då ho i mars i år sa at Fin- land bør diskutere om deira amerikanske
av dei, sa Sanna Marin, før ho avslutta resonnementet med kjernen i nasjonen sitt DNA:
«Vi må sjølvsagt også ta omsyn til Fin- lands geopolitiske situasjon.»
Trass i den proaktive haldninga til fin- ske jagarfly til Ukraina balanserer Marin her eit stadig meir vestleg Finland med den historiske arven grensa mot – og del- vis innanfor – Russland inneber. Finnane er meistrar i å gå rundt grauten overfor den mektige naboen i aust. Dei snakkar framleis med innerøyst, men bodskapen er skjerpa.
Samtidig kan det gå lang tid før finske Hornet-fly kan sendast til Ukraina. Sjølv utan forseinkingar reknar ikkje finnane med at dei første F-35-flya er heilt klare til bruk i Finland før i 2026. Først ytterlegare fire år seinare skal Lockheed Martin ha levert alle de nye flya.
Med til historia høyrer også at det finske luftforsvaret reknar med at nokre av Hornet-flya må sendast rett på skrap- haugen.
FELLESSKAP VEST FOR RUSSLAND
Frå Austersjøen stikk Finskebukta inn til St. Petersburg og skil Finland og Est- land frå kvarandre. Avstanden mellom hovudstadene Helsinki og Tallin er som frå Oslo til Moss, drygt 80 kilometer. Altså ikkje stort meir enn båtvegen Sandefjord– Strømstad.
Det er også ein merkbar likskap i kor- leis Sanna Marin og hennar statsminister- kollega i Estland har tenkt det siste halv-
LANG GRENSE: Ingen andre vest- europeiske land har ei lengre grense mot Russland enn Finland. Den nye Nato- russiske kantlinja er 1340 kilometer, noko som tilsvarer ein køyretur mellom Oslo og Bergen tre ganger.
attvald, det landet som hadde gitt størst militær støtte til Ukraina samanlikna med BNP.
Å ha ei felles grense med Russland gjer noko med mange nasjonar. Alle dei tre baltiske landa har til dømes nådd Natos mål om at medlemsland skal bruke minst to prosent av BNP til forsvarsføremål.
USA bruker rundt 3,5 prosent, mens Hellas toppa i 2022 med 3,76 prosent. Kvifor? Årsaka er enkel: mange hundreår prega av krigar mellom grekarar og tyrka- rar – ein parallell til Finland sine historisk blanda opplevingar med Russland.
OKKUPASJONSMAKT VART BESTEVENN
I eit Norden der Sverige og Danmark i fleire århundrer kriga om å vere størst, sneik Finland sin sjølvmedvit seg langs- amt fram som ein del av Sverige.
Sjølv om Noreg i hundreår var under- lagt Danmark og seinare blei litlebror i union med Sverige, hadde nordmennene trass alt erobringar frå vikingtida å skryte av. Svenskane hadde likevel tatt dagens Finland før finnane hadde blitt sterke nok til å kaste ut overmakta.
I 1809 kriga Sverige og Russland om Finland. Då var finnane nærmast vist til til tribunen mens dei blodige slaga enda med russisk siger.
I 1917 hadde russarane nok med sitt etter at kommunistane knuste tsarstyret. Plutseleg hadde finnane gjort Finland til ein sjølvstendig nasjon.
Då Sovjetunionen kollapsa og muren fall i 1990, var det typisk finsk å ta raskaste vegen til Brussel. Finland vart snillast i EU-klassen, fekk euro og skaffa seg raskt opsjon på å kunne bli Nato-medlem.
«Då Sovjetunionen kollapsa og muren fall i 1990, var det typisk finsk å ta raskaste vegen til Brussel»
tanna året.
5. mars i år vart
Kaja Kallas attvald som statsminister. Ho var kjend som ein av dei fremste støtte- spelarane til Ukraina, og ho gjekk fram. Den nasjonalistiske utfor-
76 FORSVARETS FORUM
Hornet-fly kunne sendast til Ukraina når dei blir erstatta av nye JSF-fly frå Lockheed Martin.
– Vi kjenner tidsplanen for kor tid våre nye jagarfly skal kome til Finland. Derfor bør vi diskutere om det er mogleg å levere Hornet-fly, sa Marin, som understreka at det eventuelt må skje i eit internasjonalt samarbeid med fleire andre land.
– Men for meg står Finland i ein inter- essant posisjon sidan vi allereie har ved- tatt innkjøp av nye fly. Vi har Hornet-flya i dag og kan sjølvsagt vurdere etterbruken
draren gjekk tilbake.
– Dersom aggresjon løner seg, er det
ingen grenser, sa Kallas til CNN om kvifor støtta til Ukraina måtte halde fram.
– Du er kjend som ei av dei sterkaste, om ikkje den sterkaste, stemma i støtta til at Ukraina må hjelpast fram til siger, sa den røynde CNN-veteranen Christiane Amanpour i innleiinga til eit intervju med Kallas sist vår.
Den estiske regjeringssjefen åtvara tidleg mot at ein russisk invasjon faktisk kunne kome, og Estland var før Kallas blei





























































   74   75   76   77   78