Page 49 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 49

 Det var ein gong ein gardist som heitte Geir. Geirs høgaste ønske var å helse på kronprinsfamilien på Skaugum. I dei lange timane han stod på vakt, drøymde han om korleis det såg ut innanfor veggene på den store garden. Om kvelden lyste og skein det frå vindauga. Kunne eg berre få ein liten titt inn, tenkte han.
Starten på reportasjen i Mannskapsavisa i 1979 er nesten som i eventyret. Gardist Gjelten hadde respondert på oppmodingane til lesarane av soldatavisa i den siste tida: – Fritt fram for ville ønske! MA tar på seg spanderbuksene. Alt du treng, er å sende oss nokre ord.
Skaugum. Redaksjonen hadde i eit års tid tilbode lesarane spenning og opplevingar, og overraskande reportasjevinklingar. Einaste grensa for ønska var at dei måtte ha ei eller anna tilknyting til Forsvaret. Redaksjonen vel å innfri ønska til Geir Gjelten om å vitje kronprinsfami- lien på Skaugum.
Reportasjeteamet i Mannskapsavisa med journalist Erling Eikli og fotograf Arne
Flaaten vert sette på oppgåva. Dei får grønt lys frå adjutanten til kronprinsparet og avtalar deretter med gardesjefen. Han set Gjelten inn på Skaugum-vakt den dagen det passar for kron- prinsen å ta imot besøk. Gjelten veit førebels ingenting.
Kongeleg møte. Nåverande Forum-redaktør Eikli smiler når han fortel om hendingane denne dagen.
– Vi oppsøkte vaktstova og spurde etter Gjel- ten. Han var ikkje så lite overraska da vi fortalde at han ganske beinveges skulle møte dei konge- lege i deira hus på Skaugum.
– Dette hadde eg eigentleg aldri trudd ville skje, seier Geir Gjelten i MA-reportasjen.
Med blankpussa sko og i nypressa uniform blir Gjelten møtt av Märtha Louise på trappa. Reporterane, også kledde i pent tøy, følgjer tett på. Vel innanfor dørene stikker ein spent liten prins Haakon Magnus hovudet ut i entreen for å kikke nærmare på gjesten.
Gardevakt. – Velkomen, seier kronprinsesse Sonja, og Gjelten gjer ein djup bukk som om han ikkje har gjort anna enn å helse på kongelege.
Haakon Magnus og Märtha Louise måler Gjelten frå topp til tå. Det er ikkje tvil om at han med sine 1.91 på strømpelesten allereie har gjort inntrykk.
Etter omvising frå rom til rom fortel kron- prins Harald om bakgrunnen for at soldatane går vakt på Skaugum.
– Like før andre verdskrigen slo ei dame seg inn gjennom eit av dei store vindauga med ei øks. Før nokon rakk å stoppe henne, hadde ho gått laus på møblar og anna inventar. Da vart det gardevakt her, seier kronprinsen og legg til at Skaugum var ei gåve til far hans i 1929, gje- ven av minister Frederik Wedel Jarlsberg.
– I 1930 brann hovudbygningen ned. Ny byg- ning, teikna av arkitekt A. Arneberg, stod ferdig i 1932. Så Skaugum har alltid vore heimen min, held kronprins Harald fram.
Trylletriks. Etter eit glas brus, bollar og meir prat spør kronprinsesse Sonja om gardisten har nokre hobbyar. Da kjem det for dagen at Geir er halvprofesjonell tryllekunstnar og president i Norsk Magisk Junior Cirkel.
Det blir god stemning i sofakroken. Barna tykkjer trylling er utroleg spennande. Gardisten set i gang med ei rekke triks.
– Pass på, så eg ikkje juksar dykk, seier han og utfører eit nytt nummer.
– Gjer det ein gong til da ber Märtha Louise.
– Eg gjer aldri ein tryllekunst to gonger for same publikum, seier Gjelten, men tar likevel ein reprise sidan dette er eit høgst spesielt høve.
Duer og undulat. Fleire triks vert gjennomførte til stor begeistring. Han fortel at han tryllar med mykje forskjellig, alt frå kort, tørkle til duer.
– Duer også? Det har eg aldri skjønt noko av, seier kronprinsen.
Så spør kronprinsesse Sonja:
– Kanskje Gjelten vil kome og trylle på jule- trefesten som Märtha Louise skal ha for klassen sin?
Unggutten nikkar og noterer datoen.
– Da kan du kanskje vere julenisse også? held ho fram.
Før vitjinga er over blir også Geir – med reporterane på slep – invitert inn på barne- rommet til Märtha Louise for å helse på den eittårige undulaten hennar, Petter. Men utan at undulaten blir trekt inn i trylleshow denne gongen.
Julenisse. – Det var ei fantastisk oppleving. Vi trudde at det kanskje blei nokre minutt med prat, men godhugen til kronprinsparet var berre heilt utruleg, kommenterer Eikli i dag.
FORSIDE: Mannskapsavisa frå januar 1979.
Han konkluderer i reportasjen med at drau- mane vart innfridde – og litt til. Gjelten blei ein attraksjon i bursdagen til
Märtha Louise, og han
stilte opp som julenisse på
Skaugum.
»»» JUNI 2020 49


































































   47   48   49   50   51