Page 50 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 50

aktuelt » Tryllende gardist
» Oppleving for livet. – Eg var ung og urøynd. Men du verda for mottaking vi fekk. Det blei ei oppleving for livet, seier Geir Gjelten i dag.
60-åringen stadfester at det blei to – tre opp- visningar for familien på Skaugum etter det første besøket. Gjelten er busett i Lørenskog og har livnært seg som tryllekunstnar, enterteinar- og føredragshaldar sidan slutten av 1980-talet.
Trylling var lidenskapen frå 13-årsalderen og ein altoppslukande hobby i lang tid. Etter verne- plikta utdanna han seg som ambulansesjåfør, og han arbeidde ved Oslo Legevakt i åtte – ni år.
– Eg blei blant anna engasjert som tryllande postbod i NRK-serien «Portveien.» Mykje skjedde, og eg forstod etter kvart at eg kunne livnære meg som enterteinar. Det har gått fint heilt til koronaviruset nådde oss, fortel Gjelten.
Han har framleis ei innramma helsing frå kronprinsfamilien på kontorveggen. Repor- tasjen frå Mannskapsavisa for meir enn 40 år sidan er også veggpryd same sted.
ERLING OMVIK
FOTO: ARNE FLAATEN
  Forsvarets forum jubilerer!
For 75 år siden ble den første utgaven av Mannskapsavisa publisert.
I 1980 ble Mannskapsavisa etter- fulgt av Forsvarets forum.
I jubileumsåret 2020 vil vi i hver utgave av F – Forsvarets forum
publisere en artikkel med bakgrunn
i historien til Mannskapsavisa/
Forsvarets forum. Teksten er skrevet av Erling Omvik, som også er forfatter av en jubileumsbok som utkommer i november.
TRYLLAR: Kronprinsesse Sonja lot seg imponere av trylletriks frå gardist Gjelten.
  Fantasifulle reportasjar
Redaksjonen i Mannskapsavisa fekk utruleg mange innspel til serien «Ville ønske» i 1978 og 1979.
– Fritt fram for hemmelege draumar, oppmoda redaksjonen. Mykje galskap blei innfridd. Her er eit knippe av reportasjane, med stor variasjon i tema og geografi:
– Flysoldat Arild Gausland på Lista fortel at han aldri har vore oppe i militærfly. MA gir han ei minneverdig luftferd med instruktør over Trondheimsfjorden.
– Gardist Einar Jakobsen ville helst ha vore fallskjermjeger. Han får prøve seg frå hoppetårnet og svever i 12,5 meters fritt fall ved Jegerskolen på Trandum.
– Einar Utermøhlen, musikalsk flysoldat, drøymer om å dirigere
Gardemusikken. MA ordnar avtale, og dirigentdraumen til 20-åringen vert oppfylt til glede for alle.
– Det er sommarheitt hos militærtannlegen i Stavern. Tilsette ønskjer seg ut. MA hjelper til og flyttar tannlegestol til stranda. Ein dag med fantasifull behandling!
– Soldat Odd Inge Hollingen på Andøya får beskjed om å hente ei pakke på flyplassen. Pakka er ein MA-bløff. Ut av flyet kjem kjærasten Tove frå Molde.
– Kan forsvarsminister Rolf Hansen sørgje for at vi får velferds- bygg i Sørreisa?
Tillitsmann Odd Larsson-Fjørtoft ber MA om hjelp. Avisa ordnar avtale i Oslo.
50 JUNI 2020
forsvaretsforum.no






































































   48   49   50   51   52