Page 59 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 59

portrett
Navn: Geir Aker
Født: Horten
Bor: Horten
Alder: 44
Sivilstatus: Kjæraste, to barn på 14 og 17 år
Aktuell: Hadde rolla som fenrik i «Kompani Lauritzen» på TV2
Heile Noregs fenrik
Geir Aker stal showet som befal i «Kompani Lauritzen». Men heime vil han helst vere ein ukul pappa.
– Det handlar om å byggje opp. Syne meist- ring og samhald. Og det veit eg ikkje om så mange andre reality-program at dei har det som føremål. Eg kjenner til den militære historia
til Dag Otto, og det å vere med på programmet med den filosofien var noko eg hadde trua på, seier Geir Aker.
Den siste tida har du kjent han som fenriken i Kompani Lauritzen. Vi møter han i eit skog- holt i heimbyen Horten. Det er ingen løyndom at Aker trivst best i det grøne. Her kan ein få
ro til å konsentrere seg – til dømes om ein skal gjere eit intervju.
Rikskjendis. Men vi skal snart finne ut at vi overvurderte skogens ro akkurat her.
«Hallo hallo!» Det kjem stadig lydar og rop frå stigen like ved. Alle forbipasserande – frå skoleelevar som skulkar gym, til vaksne tur- gåarar – vil gjerne slå av ein prat eller ta
selfies av den nye stoltheita og rikskjendisen til Horten.
At han skulle bli den personen blant befalet som stakk seg mest ut på det som skulle vise seg å bli eit av dei mest populære TV-programma i Noreg i år, var ikkje planlagt. Men Aker fungerte så bra framføre kameraa at TV-teamet ønskte meir skjermtid for 44-åringen.
– Vi hadde ikkje manus, vi hadde inga taking to. Det er ganske spesielt i TV-verda. Mykje blei til undervegs. Vi hadde berre ein dagsplan for kva vi skulle igjennom. Men det dukka jo opp hendingar som brått fekk plass, fortel han.
Disiplinert. Uvitingar, skadde tomlar, raseriut- brot – mykje måtte taklast undervegs.
– Men det er det som er gøy med å vere der det skjer. Vi jobbar jo med å pushe menneske. Alle militære einingar bruker same metoden:
å bryte ned for å byggje opp. Ikkje bryte ned for å bryte ned. Ein kan oppleve at det er for tøft, og ein mistar trua på at ein skal klare det. Men befalet veit jo at det går.
– Kva tenkjer du sjølv om kritikken frå deltakarane, som at ein ikkje får gå på do når ein må? Er du samd i at det kan bli litt krampaktig med strenge reglar iblant?
– Eg tenkjer det er heilt greitt at dei kritiserer det, og kritikken må gjerne få plass. Så er det sånn at vi som har jobba i sånne situasjonar før, veit at det har sin misjon. Det ligg eit pedago- gisk moment bak det å vere streng og disiplinert som ikkje synest på TV. Det kan sjå ut som som pirkete og dustete, men det fører også til eit resultat til slutt.
Klårleik. Å vere «streng og autoritær» har
også andre føremål. Til dømes er det viktige verkemiddel i jobben Aker har som rettleiar og mentor for menneske som har hatt ein vond eller vanskeleg oppvekst, eller som har vakse opp utan tydelege vaksenpersonar. Det er alt frå unge menneske til rusmisbrukarar, fengselsinn- sette og døvblinde, for å nemne nokre. Mykje av filosofien frå Forsvaret vert brukt også her, men det kjem også inn eit anna trylleord inn: klårleik.
– Barn elskar klårleik. Spesielt dei som har
hatt det vanskeleg, har kanskje enda meir behov for ein klårleik som er solid. Det vil seie at du kan syne ein varm klårleik, det å syne at same kva kor mykje du slåst med meg, så kjem eg til
å vere her. Ungdom er jo konstruerte for å teste grenser, men dei er ikkje konstruerte for å vinne alle desse slaga. Det er der foreldre kan få ei ordentleg utfordring. Vil ein få eit trygt barn, og det som skal bli eit trygt menneske, må vi tåle som vaksne å stå i desse kampane.
«Ukul pappa». Derfor er det viktig for Geir Aker å vere så lite kul som mogleg. Aller minst er han fan av konseptet «kul pappa». Ukul pappa er han til dømes sjølv, med to barn på 17 og 14 år.
– Ikkje ver ven med ungen din. Ver venleg, ja, men ikkje ven. Eg veit ikkje om ein einaste dyreart der ikkje ungane slåst med foreldra sine for å bli klare for å møte verda. Det er akkurat det same menneske gjer, men vi er ein raffinert variant.
Finne balansen. Da er det kanskje ein tanke- kross at det å vere så lite kul som mogleg er nettopp er det som har gjort Geir Aker populær på TV, også blant deltakarane i «Kompani Lau- ritzen». Aker ser ut som ein som har funne roa for lengst der han står fram som ein trygg bauta – også i det verkelege livet. Kva er oppskrifta?
ikkje skal ta plass. Det ein ofte er redd for, er å gjere feil.
– Eg har kjent mykje på frykt, forsikrar han. – Men eg har lært at det
»»» JUNI 2020 59

































































   57   58   59   60   61