Page 61 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 61

» Stiller ein strenge krav til seg sjølv, kan ein jo fort gjere det.
– Stiller du få strenge krav til deg sjølv?
– Nei, tvert imot. Men det gjeld å finne ein balanse. Etter at eg slutta i Forsvaret og jobba sivilt, klarte eg å finne den roa og balansen.
Korpsmusikk. Kanskje det også handlar om ein oppvekst med fråvære av machokultur?
– Dersom eg mangla noko i oppveksten, så må det ha vore det meir tøffe miljøet. Det var ikkje naturleg rundt meg, reflekterer Aker.
Han var ikkje ein gut som valde fotball eller karate, men friidrett og korps. Og korps, det kan han ikkje få skrytt nok av.
– Fleire burde gjere det. Det er så mykje bra som skjer i korps. Det har fått eit ufortent rykte. Eg trur filmen «American Pie» har bidratt til å øydeleggje litt. «This one time at band camp...», siterer Aker og ler.
– Men korps er oppbyggjande, så det må fleire drive med. Det er eit heilt lite sånt felles- skap. Ein blir smart av å spele i korps, og det er ikkje tøys. Det er få andre disiplinar som klarar å trigge alt det korps gjer. Ein blir sprekare i hjernen reint skolefagleg også.
Drilltroppen. Tøffare kvardag skulle Aker også få da han kom inn i drilltroppen i Garden under førstegongstenesta. Året var 1996, og Geir
Aker var ein spent og nyfiken 20-åring som hadde flytta heimafrå for første gong, og inn på Huseby leir.
Han fekk smake på det å ha ansvar. Nokon såg han og såg eit potensial. Seinare vart han spurd om han hadde vurdert å søkje befalsskole. Valet har han ikkje angra eit sekund på.
– Forsvaret har vore ein veldig bra skole. Eg er lei meg for at så få får førstegongstenesta. Éin ting er kva vi skal bruke Forsvaret til i krise og krig, men ein annan ting er kva det gir til samfunnet ved at alle saman får oppleve å takle motgang og ta ansvar – alle desse verdiane som Forsvaret introduserer i førstegongstenesta.
– Vi ser at psykisk helse er meir i fokus i dag, og fleire slit. Forsvaret er jo ikkje det eine svaret på god psykisk helse, men det er ein del ting som låg i den pakka vi hadde, som færre og færre får, og det tykkjer eg er leit. Og når ein vantar enda ein av desse arenaene der du også møter nye folk med ulik bakgrunn, så vert ein ørlite fattigare på veg inn i vaksenlivet.
Kutt i Forsvaret. Men det er fleire grunnar til at Aker ser med skeptisk blikk på at ikkje fleire tar førstegongsteneste, og at Forsvaret er for lite.
– Nå syner det seg at til og med politikarane ser at Forsvaret er litt lite. Korleis ser grannane våre på det at vi skal byggje det opp igjen da?
– Nå får vi smake på det at vi har kutta så mykje ned, at dersom vi nå aukar igjen, så ser det ut som at vi rustar opp. Konsekvensen av å skjere ned er litt meir omfattande enn berre å kutte ned på nokre soldatar og utstyr.
Det er ein alvorleg situasjon, meiner han. Ikkje berre fordi vi treng mange soldatar, men vi treng det verktøyet dei er: Er det flaum, kan soldatar brukast, er det andre typar kriser, som søk, kan Forsvaret brukast.
– Nyleg kom det fram i ein artikkel at Forsvaret har kvitta seg med medisinsk utstyr som kunne ha vore brukt i nedkjempinga av
«Meininga er jo
at alle militære einingar brukar same metode: Å bryte ned for å byggje opp. Ikkje bryte ned for å bryte ned»
covid-19. Da tenkjer eg at: Javel, skal vi kanskje lære litt av det?
Lever av prating. «Orsak!» Det er ingen ny fan som har kome for å helse på, men Aker som brått avbryt seg sjølv. Han stivnar til.
– Eg har ein lidenskap, skjønner du.
Han stirar mot den klåre himmelen til lyden av eit helikopter bak tretoppane.
– Eg vil vere med opp, skjønner du. Det er noko med helikopter. Dette med at du kan stå stille i lufta og vere med opp og ned.
Han stirar lenge opp mot tretoppane. Men lyden blir etter kvart svakare, » » » det er ingenting å sjå.
Mine milepæler: 10 år
Glad saksofonist i korps. Kan ikkje få skrytt nok av korps.
20 år
Byrja i Forsvaret, hadde førstegongs- tenesta i Garden. Seinare utdanna ved Befalsskolen for infanteriet i Trøndelag.
30 år
Byrja å jobbe sivilt som rettleiar i Nav. «Forsvaret er jo ein livsstil, så det blei også eit bytte av livsstil. Men det gjekk bra.»
40 år
Blei rettleiar og coach, som han jobbar med i dag. Nestkommander- ande for Heimevernet i Horten.
 JUNI 2020 61
































































   59   60   61   62   63