Page 62 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 62

portrett » Geir Aker
 » – Beklagar det, seier han og kjem tilbake til der vi er.
Tilbake til praten om forsvaret og ting han meiner mykje om. Røysta går litt som ein motor. Han har mykje på hjartet, men det går i eit beha- geleg tempo. I karakterboka frå barneskolen stod det: «Geir er flink i norsk og matte, men pratsam i timane.» Han ler litt over det som blei rekna som eit uromoment på skolen: I dag er det nettopp prating han lever av.
Gruppedynamikk. – Det er utruleg spennande å jobbe med menneske. Kvifor blir nokon irriterte på andre? Det er naturleg å hjelpe til. Ein står ikkje og ler og peikar, lyder det frå han som bru- kar sarkasme som det vanlegaste «hjelpemidde- let» sitt i «Kompani Lauritzen». Hans form for humor har sett tålmodet til fleire av deltakarane på prøve, men også ført til irritasjon.
– Eg gjer det heilt medvite for å byggje dei opp. Det er eit verktøy som kan vere heilt naudsynt i militære samanhengar, lyder forklaringa.
Galgenhumor. Humor kan til og med vere eit livsviktig verktøy for å overleve i situasjonar der ting er tunge og ein er oppe i fælslege situa- sjonar, meiner han.
– Å vere berre trist og lei er veldig lett. Men dersom vi skal fungere som menneske, så må ein nytte heile kjensleskalaen. Dei som opererer i felt og ser mykje krig og elende, hadde knekt saman om dei ikkje hadde hatt nokre sånne livbøyer i form av galgenhumor. Utan det blir det inga motvekt mot det fælslege.
Kva for rolle humor kan ha som verkemiddel
62 JUNI 2020 forsvaretsforum.no


























































































   60   61   62   63   64