Page 63 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 63

 i andre settingar, spesielt i reality-samanheng, er Aker opptatt av. Det er viktig aldri å gjere narr, meiner han.
– Det er ein uskriven regel som mange har gløymt i Forsvaret som lyder: «Ein soldat syner aldri tennene i ein smil på eit bilete av respekt for den jobben han er sett til å gjere.» Det er ei interessant utsegn. Jo, du må gjerne smile, men demp det av respekt for andre. Det tenkjer ein ikkje på så mykje lenger, meiner Aker.
Psykiske problem. Han meiner det er ein vesentleg skilnad på om målet med humor er splittande eller samlande.
– Eg trur det er stor skilnad på det å verte underhalde, og det å verte gledd. Vi har lært å bli underhaldne - men vert vi gledde? I de fleste andre reality-program handlar det om å skape intrigar og kranglar, og deltakarane er valde ut for at det skal skje.
– Er det ikkje det kulturen ofte vil lære oss? At vi skal dyrke egoet og eigen suksess, og derfor skal det løne seg å trakke på andre?
– Og parallelt får vi fleire psykiske problem? Kvar og ein må jo vere bra nok i seg sjølv, men det er eit felles prosjekt dette her. Vestleg kultur er veldig fokusert på individ. I austleg kultur er det massane som gjeld, seier han.
– Da tenkjer eg at det er ikkje anten eller, det er både og. Da har vi litt å jobbe med, vi som driv og elskar eg-et, og at det skal blomstre meir enn hos andre. Det handlar ikkje om å strekkje seg lenger så ein kastar skugge på andre. Da blir vi berre fattigare.
Fellesskapet. Derfor synest Aker det er veldig interessant å konstatere at «Kompani Laurit-
zen» har hatt over éin million sjåarar på kvar einaste episode. Det er sjåartal TV-bransjen sjeldan ser. Og dermed får Aker også rett i hypo- tesen sin: Fellesskapet vinn over splitt og hersk på TV. Om enn så lenge.
– Eg trur oppriktig ikkje folk vert gledde av realityseriar baserte på «martini og bikini.» Ein kan verte underhalden, men ein vert ikkje gledd. Det gir inga djupn. Det er å slå i hel tid, ja, men det har ingen meirverdi. Det finst andre seriar som har feitare premiar for å vinne, men det som skjer i «Kompani Lauritzen», er at dei blir vener.
Det er ein slutt Geir Aker kan like. Ein som handlar om å byggje opp. Vise meistring og samhald. Nå ventar han berre på tilbod om å få vere med i neste sesong.
IDA MADSEN HESTMAN FOTO: WERNER JUVIK
«Ungdom er jo konstruerte for å teste grenser, men dei er ikkje konstruerte for å vinne alle desse slaga»
 JUNI 2020 63





















































































   61   62   63   64   65