Page 104 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2021
P. 104

TING & TANG FRÅ FORSVARETS MUSEER Forsvarets museer er fylt med spanande gjenstandar. Her er ein av dei.
TEKST: INGRID MARIA LUTNÆS RÅDGJEVAR HOS FORSVARSMUSEET
  AGENT-FARTØYET
Under andre verdskrigen sigla dei tre «Shetlands-bussane» 115 turar med agentar, utstyr og flyktningar – utan tap av menneskeliv.
Museumsskipet KNM Hitra er det einaste attverande, siglande norske krigsfartøyet frå andre verdskrigen. KNM-nemninga har ho fått etter at ho på 1980-talet vart funne att halvt nedsøkkt i Sverige. Ho blei restaurert og sett i drift på Haakonsvern, basen til Sjøforsvaret.
Hitra var opphavleg ein amerikansk undervass- båtjagar laga av amerikansk furu på eikespant med blant anna sonar og djupvassbomber. Amerikanarane laga ein lang serie av slike fartøy som eit mottrekk mot fiendtlege undervassbåtar som i første fasen av krigen var ein stor trussel for den kystnære skipsfarten deira.
Frå sommaren 1940 hadde Noreg bygd opp ein ny marine i Storbritannia, i stor grad basert på lån av alli- erte krigsfartøy. På Shetland hadde ein, primært med mindre fiskeskøyter, etablert eit svært viktig samband
til Noreg med utstyr og
agentar og frå Noreg med
agentar og spesielt vik-
tige flyktningar. Skøytene
var utsette for dårleg vêr,
og dei hadde lita evne til
å verne seg mot åtak frå
fienden. På grunn av store
tap blei verksemda innstilt
våren 1943. Sommaren 1943 fekk Noreg låne dei tre ubåtjagarane SC-718 Hitra, SC 683 Hessa og SC1061 Vigra. Etter litt ombygging blei dei hausten 1943 sette inn som dei nye «Shetlandsbussane». Gjennom siste del av krigen gjennomførte dei tre fartøya 115 turar med agentar, utstyr og flyktningar – utan tap av menneskeliv.
104 FORSVARETS FORUM
I tråd med føresetnaden frå Stortinget da det sluttfi- nansierte restaureringa, vert museumsskipet KNM Hitra formelt eigd av musea i Forsvaret ved Marinemuseet. I tråd med dei same føresetnadene vert fartøyet drifta av Sjøforsvaret, og det har derfor basen sin på Haa- konsvern.
SOMMAR-PATRULJE: I sommarmånadane siglar KNM HItra langs kysten av Noreg. Til dagleg held ho til på Haakonsvern.
FORSVARETS STØRSTE: 111 fot lange KNM Hitra er den største muse- umsgjenstanden som Forsvarets museer har.
 













































































   102   103   104   105   106