Page 102 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2021
P. 102

 MORGONDRILLEN
STEN RICHARD LARSEN (52)
Sjef for Kystjegerkommandoen Sted: Trondenes
 I spalta «Morgondrillen» stiller Forsvarets forum dei same spørsmåla på e-post til ei rekkje personar som har ei eller anna tilknyting til Forsvaret. Har du tips til personar som bør være med i spalta? Send oss ein e-post på tips@fofo.no.
102 FORSVARETS FORUM
Kystjegaren
Sjefen for Kystjegerkommandoen trivst med hanskar i ringen,
men slutta med kampsport etter ribbeinsbrot i basketak med sonen.
TEKST: SVEIN ARSTAD
– Når og kanskje viktigast korleis står du opp om mor- gonen?
– Eit par-tre gonger i veka hoppar eg opp av senga, heller i meg ein liter vatn, blandar ein smoothie og drar på trening. Dei andre gongene er det nyhendesjekk på telefonen og å kjenne på alle vondtane i ein gamal kropp.
– Når startar arbeidet?
– Mellom 06.45 og 07.30 som oftast. Somme gonger, når kroppen er skikkeleg treig, blir det nærmare 08.00.
– Finsko eller feltstøvlar?
– Trivst ille godt i båe delar, like glad i fest og fritid som jobb og felt.
– Pumpe jern eller springe maraton?
– Har eigentleg alltid trivest best med knuffing i ei eller anna form for ring, matte eller bur. Etter at eg knekte nokre ribbein etter eit basketak med sonen min, blei det slutt på det, hanskane er lagde på hylla for godt. Nest best er å flytte på tunge ting, men det må vere funksjonell trening. Sykling ogspringing i skogen trivst eg også veldig godt med, men med innlagd titan i hofta må eg avgrense sprin- ginga til ein gong innimellom.
– Beste triks for velferd på øving?
– Tidleg på 90-talet kom oppblåsbare liggjeunderlag. Har aldri vore i felt eller på øving utan dette sidan den gongen. «Expeden» og eg kan ikkje skiljast. Litt sterk saus til å blande i FR er også eit must.
– Raraste kulturkrasjoppleving på øving med styrkar frå andre land?
– Vanskeleg å plukke enkelthendingar ettersom eg har hatt store delar av tenesta mi ute blant styrkar frå andre
og den albanske
land. Eg og eit par amerikanske kollegaer var i Albania for å hjelpe til i utviklinga av dei albanske spesialstyrkane. Sje- fen der var ein skikkeleg «tøffing», med stor tru på seg sjølv og si eiga lyteløyse. Forutan å vere Albanias karateekspert nummer ein, med tusen titlar i beltet, hadde skrive ei bok om albanske spesialstyrkar med 132 bilete av seg sjølv i, var han eigar av det største tryggleiksselskapet i Tirana. Ein heilt eineståande karakter. Siste dag av besøket, da vi hadde dressa oss opp og hadde velkomstdrikke før fest- middagen, annonserte min amerikanske kollega at berre ein ting stod att. Dei måtte plukke ut sin beste mann som skulle slåst mot meg. Det var på ingen måte at han klarte å skjønne at dette var ein «prank», og han kledde av seg på overkroppen og gjorde seg klar.
– Kven ville du aller helst delt ein pose FR (feltrasjon) med?
– Eg tenkjer at det ville ha vore lærerikt å dele ein FR med orlogskaptein Nina Grimeland, leiar for Militært Kvinneleg Nettverk og ein særs dyktig offiser. Som sjef for KJK og med lang operativ erfaring, har eg sett nytten av mangfald. Det har gjort meg merksam på og opptatt av mangfald og korleis det kan gjere organisasjonen vår betre gjennom å bli meir kreativ og tilpassingsdyktig. Eg trur det er mykje uforløyst potensial i rekruttering av kvinner til alle typar stillingar og funksjonar i Forsvaret. Korleis kan vi gjere fleire kvinner interesserte i såkalla «operative» jobbar i Forsvaret, og halde på dei over tid?
– Smartklokke – yay or nay?
– Smartklokke er digg, men utruleg upraktisk når ein ikkje kan bruke ho store delar av dagen på grunn av omsynet til tryggleiken. Derfor har eg ikkje oppgradert den gamle Garminen min, ventar til eg blir pensjonist eller får ein ugradert jobb.
– Kva er den største utfordringa akkurat nå, for arbeids- plass din konkret og for Forsvaret generelt?
– Utfordringar skapar ofte moglegheiter, derfor ser eg på utfordring med eit positivt forteikn. Her i Kystjegerkom- mandoen står vi framføre store endringar framover. Eg har oppriktig tru på at små, smarte avdelingar som ikkje er avhengig av store materiellstrukturar, men der personellet er kapitalen, kan gi monaleg effekt for pengane. Korleis skal vi






































































   100   101   102   103   104