Page 50 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 50

 PÅ BESØK | GSV
50
 EIN STAD GÅR GRENSA: Noregs grense mot Russland er 196 kilometer lang og er markert med 396 grensemerke. Grensestolpane står parvis andsynes kvarandre. Dei norske stolpane er gule med svarte toppfelt, mens dei russiske stolpane er raud- og grønstripa.
HUNDEVANN, SØR–VARANGER: 19 år gamle Mikkel Solheim Gul- liksen har blikket konstant festa inn i ein stor kikkert. Gjennom vindauga frå hytta ser han rett inn i Russland. Han snur forsiktig
på kikkerten, nokre centimeter til venstre og så tilbake igjen. Russisk skog og fjell er i alle retningar, mot aust, sør og vest. Det går nokre sekund. Eit nærmast lydlaust «mmm» høyrest før han noterer nokre få teikn i ei skrivebok.
19-åringen frå Fredrikstad er ein av dei drygt 200 norske vernepliktige soldatane som har som oppgåve å overvake Noregs grense mot Russland. Døgnet rundt, til alle årstider. På ei lita høgd med god oversikt over dei russiske grenseområda i Petsjenga er Gulliksen på vakt saman med tre medsoldatar. Hytta, som kallast Hundevann, er enkel og koseleg: vatn frå
elva, utedo, straum frå solcellepanel og eigenmontert vindmølle. To soverom har til saman sju senger. Her ute er dei unge soldatane for seg sjølve i veker i strekk. Avstanden tilbake til leir er rundt to timar på kuperte stiar i Forsvarets sekshjulin- gar. Oppdraget som skal løysast, har ein alvorleg overbygnad: følgje med på kva russarane gjer like ved grensa til Noreg.
Det viktigaste rommet i hytta kallast berre luka. På nokre få kvadratmeter har soldatane alt ein treng for å rapportere om Russland: kikkert, kamera, kryptert datamaskin og samband. Å vere på vakt i luka, som ein er i tre timar i strekk to gonger i døgnet, består i å få med seg alt av aktivitet, både langs grenselinja på norsk jord og inne i Russland. Ingen vil snakke om kva ein ser, eller ser etter, men alt av «unormal» aktivitet vert notert og rap- portert vidare. Først til etterretnings– og
analysesentralen på grensestasjonen og leiinga i Garnisonen i Sør–Varanger. Der- ifrå går informasjonen vidare oppover i Forsvaret og til regjeringa.
I 101 år har norske soldatar ved Gar- nisonen i Sør-Varanger overvaka den 196 kilometer lange grensa mot Russland. Grensa strekkjer seg gjennom vassdrag og elvar, i bekkar og skog og over berg og fjell frå Grense Jakobselv i nord til Treriks- røysa i Pasvik i sør. Jobben til Gulliksen og resten av patruljen på Hundevann består i å hindre ulovleg grensekryssing og elles sørge for at den såkalla grenseovereins- komsten mellom Noreg og Russland vert følgt (sjå faktaramme).
Men soldatane har også ei anna og viktig oppgåve: hevde norsk suverenitet og rapportere på russisk militært nærvær.
Skulle Russland velje å gå til militært åtak på Finnmark, vil norske verneplik-
 






















































































   48   49   50   51   52