Page 51 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 51

  FØLGJER MED: Mikkel Solheim Gulliksen følgjer med på russisk aktivitet gjennom kikkerten i «luka» på grensevakthytta Hundevann. Heile døgnet, året rundt, er soldatane på vakt og noterer ned kvar minste detalj om kva som skjer på den andre sida.
«Vår jobb er å holde øye med grenselinja og sørge for at det ikke skjer brudd. Du kan seie at vi er auga og øyra til den norske stat.»
– Vår jobb er å halde auge med grense- linja og sørgje for at det ikkje skjer noko brot. Du kan seie at vi er auga og øyra til den norske staten, seier Mathias Riborg Lona (19), patruljeførar og leiande meinig.
Og auge og øyre trengst i nord: Natta til 24. februar gjekk Russland til krig mot nabolandet Ukraina. Europa er kasta ut i ein blodig storkrig kontinentet ikkje har sett sidan andre verdskrigen. Forholdet mellom Russland og vesten er på sitt kjøli- gaste sidan Sovjetunionens fall. President Vladimir Putin har erklært Nato og USA som dei største trugsmåla for Russland.
Mens Putins angrepskrig har køyrt seg fast i Ukraina og rundt rekna mellom 15 000 og 20 000 russiske soldatar har blitt drepne, forsyner Vesten og Noreg Ukraina med våpen.
Tvers over grensa for Noreg ligg fleire viktige russiske militærbasar. Blant dei
tige vere det første hinderet det russiske forsvaret møter på. Derfor er soldatane utstyrte med skarp ammunisjon.
Det første som møtte 19 år gamle Gul- liksen da han kom til førstegongstenesta tidleg i januar i år, var vinterkulda som beit han i nesa da han gjekk ut av flyet på Høybuktmoen utanfor Kirkenes. Soldatar på den norsk-russiske grensa må operere i temperaturar ned mot 30 kuldegrader. Somrane kan også by på sine utfordringar: Med varmen kjem myggen. Og dei er det mange av i Finnmark.
Men det var nettopp ønsket om ei meir enn normalt utfordrande førstegongste- neste som fekk Gulliksen til Sør-Varan- ger. Fleire av familiemedlemmane hans har tenestegjort som grensejegerar. Etter seks månader med utdanning inne i leir på Høybuktmoen kan Gulliksen nå kalle seg grensejeger.
– Dette er ei givande teneste. Vi er med på å løyse oppdrag kvar dag, seier Gullik- sen, framleis stirrande inn i kikkerten.
Han blar om i boka og held fram med å notere på neste side.
FORSVARETS FORUM 51
 






















































































   49   50   51   52   53