Page 52 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 52

 PÅ BESØK | GSV
52
 TØRST HUND: Også dyr må ha vatn. Koda tar imot drikke frå sin partnar Mathias Goldmann. Den norsk-russiske grensa går like i terrenget bak.
den 200. motoriserte infanteribrigaden i Petsjenga-dalen som består av rundt 4000 soldatar. Helvta av desse er vernepliktige. Rapportar frå Ukraina tyder på at denne avdelinga blei send i kampar under den innleiande fasen i krigen – og har lidd monalege tap.
Løytnant Aksel Høie (32) er nestkom- manderande ved Jarfjord grensestasjon, eitt av to kompani som passar på den norsk-russiske grensa. Eit hundretal solda- tar held til her og i dei ulike stasjonane ute langs grensa opp mot Grense Jakobselv.
Høie seier det vert stilt store krav til soldatane som skal gjennomføre teneste på grensa, både fysisk og mentalt:
– På mange måtar minner ei teneste på grensa meir om ei deployering til utlandet enn ei klassisk førstegongsteneste, seier han og forklarar:
– Du drar til ein stad for å løyse eit oppdrag. Du kviler når du kan, du er ute
når det vert kravd og gjer jobben til han er ferdig. Om du køyrer deg fast, klokka er 23:00 og sleden ikkje rikkar seg, så forlèt du han ikkje. Da er det å ta spaden fatt og grave til klokka er 01:30 og utstyret er laust. Og ingen kan kome og hjelpe deg, for det er så store avstandar her, og kli- maet er hardt, seier Høie.
Sjølv om Finland er på full veg inn i forsvarsalliansen Nato etter Russlands invasjon av Ukraina tidlegare i år, er Noregs grense mot Russland framleis den einaste staden Nato møter Russland i nord- områda. Derfor er ein stor del av jobben til dei vernepliktige soldatane å følgje med på russisk militær infrastruktur og troppar.
Høie seier soldatane langs grensa skal vere «mentalt og fysisk førebudde på å for- svare landet i krig med det som krevst» om Russland invaderer.
– Det er viktig å ha kontroll på kva Russland driv med. Og det er jobben vår
å følgje med på rørslene til personar og på infrastrukturen på begge sider av grensa. – Har det endra seg etter 24. februar?
– Nå byrjar vi å kome inn på ting som vil vere vanskeleg for meg å svare på. Det kan eg ikkje seie så mykje om.
– Kva har endra seg etter 24. februar?
– Vi er merksame på at meir uro i verda kan gjere det vanskelegare for menneske på flukt og gjere dei meir desperate. Flyktningstraumar er noko vi på grensa må følgje med på. Noreg ønskjer jo å ta imot menneske i naud, men det må skje på ein riktig og trygg måte. Da er det ikkje å traske over vidda i fjellet, men heller kome til Noreg på ein skikkeleg måte.
Det gjer at vi må skjerpe evna vår til deteksjon og handsaming av slike tilfelle av ulovleg grensepassering, seier Høie.
Flyktningstraumar har Noreg sett i nord før. På nokre hektiske haustmåna- der i 2015 kom det nesten 5500 menneske
 
















































































   50   51   52   53   54