Page 53 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 53

 MANGE SMÅ ANGRIPARAR: Vinteren er tøff i Finnmark, men somma- ren byr også på sine utfordringar. Myggolje er ein soldats beste venn i møtet med dei mange millionar insekt som susar rundt. Hundeførar Mathias Goldmann smør ekstra tjukt på i område myggen lett kjem til.
KLAR FOR OPPDRAG: Sofie Mellgren (19) på veg ut til oppdrag langs den norsk-russiske grensa i Finnmark.
reisande over den norsk-russiske grensa på Storskog og bad om asyl. Dei fleste kom frå Syria. Pågangen var så stor at politiet sin grensekontroll nesten braut saman. Reisa gjennom Russland nord til Murmansk og vidare til Kirkenes blei kalla for The Arctic Route og var ei langt mindre utsett ferd enn å flykte til Europa i båt over Middelhavet. På få døgn kunne personar kome seg frå borgarkrigen i Syria til eit Schengen-land og be om vern. Høie opplyser at ulovlege grensepasse- ringar skjer, men at dei er sjeldne. I juni i år blei ein mann arrestert av politiet for ulovleg grensepassering på Korpfjell. Grensekommissariatet, som har som oppgåve å sjå til at grenseavtalen med Russland vert oppretthalden, opplyser at dette er den einaste registrerte ulovlege grensepasseringa i terreng hittil i år.
På Hundevann er meinig Sofie Mell- gren (19) frå Egersund i gang med dagens
DESIGNERKONTORET / KARTVERKET
Grense Jakobselv
Svanvik
FINLAND RUSSLAND
Pasvik
Treriksrøysa
GARNISONEN I SØR-VARANGER
(GSV)
Stifta 1. juli 1921. Har som oppdrag å overvake den 196 kilometer lange grensa mot Russland.
 GSV er ei hæravdeling med fem kompani og rundt 600 soldatar. 200 av desse har som oppgåve å patruljere grenselinja frå Grense Jakobselv i nord til Treriksrøya i Pasvik i sør.
Patruljering skjer ved båt på elvar, på ATV, snøskuter, til fots om sommaren og ski om vinteren.
Garnisonen har innrykk to gonger i året, i august og i januar. Det tar eit halvt år å utdanne ein grensejeger. Dei siste seks månadene er grensejegeren stasjonert på ein post langs grensa, anten i Jarfjord-kompaniet (nord) eller Pasvik-kompaniet (sør).
Etter enda førstegongsteneste får soldatar ved GSV tilbod om ytterlegare seks månaders teneste, såkalla utvida tenesteperiode. Dette er frivillig, og soldatar som gjennomfører 18 månaders førstegongsteneste, slepp å bli kalla inn til HV-teneste seinare i livet.
NORSK-RUSSISK GRENSE
Grenseavtalen mellom Noreg og Russland blei signert i desember 1949.
Det er Grensekommissariatet i Kirkenes som har ansvaret for grenseavtalen. Grensekommissæren er underlagt Politidirektoratet.
Den norsk-russiske riksgrensa er markert med 396 grensemerke beståande av betongstøtter, røyser og stolpar. Grensestolpane står andsynes kvarandre. Dei norske stolpane er gule med svarte toppfelt, mens dei russiske stolpane er raud- og grønstripa.
Grensevakta har politimyndigheit og er til stades på vegner av politiet for å informere og gjennomføre førebyggjande tiltak mot lovbrot.
 Det er visse reglar for ferdsel i grenseområda. Det er forbode å ha kontakt eller snakke over grensa eller å «gjere fornærmande eller provoserande handlingar mot eller over grensa». Det er heller ikkje lov å kaste ting over grensa eller la husdyr gå inn i Russland. Fotorestriksjonar gjeld også.
Det einaste lovlege grensekryssingspunktet på grensa er ved Storskog.
HAMMERFEST KARASJOK
GSV
KIRKENES Høybuktmoen
Bjørnevatn
Neiden
FORSVARETS FORUM 53





































































   51   52   53   54   55