Page 55 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 55

 NEVENYTTIGE SOLDATER: Dei vernepliktige soldatane som budde ved Hundevann tidlegare i år, kunne bruke både hammar og sag. Det resul- terte i ein ny platting framføre hytta – han vert nytta på fine og lyse dagar.
 - VI DRIV IKKJE MED POLITIKK
Samarbeidet langs den norsk- russiske grensa held fram som før trass i krigen i Ukraina.
- Samarbeidet med russisk grensevakt er det same som det har vore sidan 1949. Korkje kald krig, perestrojka eller Krim-annekteringa har ført til endringar i dette samarbeidet, seier Jens-Arne Høilund, Noregs grensekommissær.
Det er Grensekommissariatet i Kirkenes som har ansvaret for den såkalla grenseavtalen mellom Noreg og Russland. Han blei signert i 1949 og skal handsame alle moglege hendingar som kan oppstå langs grenselinjer: dyr som kryssar, menneske som går seg vill. Personar som fiskar på feil side av elva, eller ulovleg migrasjon.
- Vi driv ikkje med politikk. Vi driv med samarbeid om grensa. Grensa
er der. Ho må haldast ved like. Og det oppstår alltid nokre hendingar som må løysast, seier Høilund.
tian Ruud (20) og Mikkel Solheim Gul- liksen tar på seg hjelm, sjekkar våpen og lastar sekkane på bagasjeplanet. Det er patruljeførar Mathias Riborg Lona som har bestemt kvar soldatane skal gå. Kvart døgn vert mange slike oppdrag løyste langs grenselinja. Alltid til ulike stader, til ulike tider.
Nokre gonger kan ein patrulje vare i halvannan time. Andre gonger eit døgn. Evna til å klare seg aleine i krevjande omgjevnader over tid er blant dei vikti- gaste eigenskapane befalet ser etter når grensejegerar skal utdannast.
Det lyser i auga på Koda når han blir sleppt ut av buret etter ein humpete køyretur i retning grensa til Russland. Få meter over eit sperregjerde, som sørgjer for å hindre rein i å ta seg over grensa, startar sporsøking eller detektering, som dette kallast i Forsvaret. Goldmann fes- tar ei 5 meter lang line på hunden, set seg roleg ned ved sida av han og gir kom- mando.
Med snuten først sirklar Koda seg gjen- nom stein og kratt.
– Om nokon har kryssa grensa her, finn Koda ut av det. Luktesansen er tusen
gonger betre enn hos mennesket. I tillegg er hundane trena til å høyre det vi ikkje klarar, seier Goldmann.
Ein av dei viktige jobbane som hunde- førar er å bli så godt kjend med hunden at ein forstår kva som blir signalisert. Gold- mann omtalar Koda som sin beste kompis og har vore saman med han i hundrevis av timar sidan starten på førstegongstenesta.
Goldmann har eit halvt år igjen av tenesta si. Tida byrjar også å gå ut for åtte år gamle Koda. 19-åringen håper å kunne få lov til å adoptere hunden når han ein gong blir tatt ut av teneste i Forsvaret.
Goldmann stadfestar at Koda har gjort funn på patrulje, men kan ikkje gå i detal- jar på kva.
– Kvifor valde du å bli hundeførar?
– Det er ei veldig givande stilling. Og eg er veldig glad i hund. Eg har fått ein makker som er bestekompisen min. Og saman løyser vi eit viktig oppdrag for grensevakta, seier Goldmann.
Han fiskar opp ein godbit frå uni- formslomma. Koda glefsar han i seg før han set nesa ned i den våte myra igjen. Patruljen på grensa til Russland er fram- leis ikkje over.
FORSVARETS FORUM 55















































































   53   54   55   56   57