Page 5 - Forsvarets forum 4-2016
P. 5

Biletet:
                                                                      «Bloody Saturday» er det mest publiserte biletet i
                                                                      Vesten frå den andre japansk-kinesiske krigen. Biletet
                                                                      skapa ei kraftig negativ haldning i den vestlege verda
                                                                      mot den aggressive offensiven mot Kina frå keisar-
                                                                      dømet Japan. Det er teke på ein jernbanestasjon i
                                                                      Shanghai like etter at jagarbombarar frå den
                                                                      japanske marinen gjekk til åtak mot byen. Den vesle
                                                                      guten, som ifølgje pressemeldinga nettopp hadde
                                                                      mista mor si og sjølv blitt brannskadd i åtaket, fekk
                                                                      etter kvart førstehjelp, men den endelege lagnaden
                                                                      hans er ikkje kjend i dag.
                                                                        Dei japanske styresmaktene vart rasande da biletet
                                                                      vart publisert, først i Randolph Hearsts aviser og
                                                                      seinare blant anna i magasinet Life. Dei hevda at
                                                                      fotografen Wong hadde arrangert det spesielt for å
                                                                      fremje antijapansk opinion. Dei utlova ein dusør på
                                                                      50 000 amerikanske dollar – i dagens verdi over fem
                                                                      millionar kroner – for hovudet hans.
                                                                        I ettertid er det fortalt at fotografen faktisk «lånte»
                                                                      den vesle guten av faren som også var på jernbane-
                                                                      stasjonen, og plasserte barnet ut i skjenegangen.
                                                                      Elles er historia bak biletet stadfesta også ved bilete
                                                                      av barnet som fekk førstehjelp av ein speidargut på
                                                                      stasjonen.



























                                                                      Den andre japansk kinesiske krigen.
                                                                      (7. juli 1937 – september 1945)
                                                                      Etter Russlands nederlag i krigen mot Japan i
                                                                      1904–1905 og herjingane til russarane i Mandsjuria
                                                                      nordaust i Kina, fekk Japan innpass i området som
                                                                      den militære stormakta landet etter kvart var blitt.
                                                                      Det var stadige episodar der kinesiske og japanske
                                                                      interesser stod mot kvarandre. Japan nytta
                                                                      provokasjonar som førte til militære aksjonar,
                                                                      japansk invasjon av Mandsjuria og i august 1937
                                                                      ein fullskala krig.

                                                                      Kjelder: famouspictures.com, wikipedia,

                                                                      ARNE FLAATEN af@fofo.no

                                                                                                                   AUGUST 2016   5
   1   2   3   4   5   6   7   8   9   10