Page 56 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 56

historisk » Spesial Air Service i Norge
 SAHARA: Den britiske spesialstyrken blei danna i Nord-Afrika kor dei gjennomførte operasjonar bak fiendens linjer. Mot slutten av krigen kom SAS også til Noreg. FOTO: NTB/SCANPIX
» Det var mykje nytt frå Vestfronten somma- ren 1944. Dei allierte hadde brote ut frå stren- dene i Normandie. Paris var frigjort. I midten
av september byrja operasjon Market Garden, den største luftborne operasjonen til då. Dei viktigaste måla for krigen hadde for lengst flytta seg frå periferien til kontroll på kontinentet. Og periferien var Noreg. I fleire år låg landet i den strategiske skuggen av planleggingsarbeidet med Overlord, invasjonen i Normandie. Men medan operasjonen i Arnheim køyrde seg fast, var det nokre som tenkte på Noreg. I den såkalla skotske kommandoen jobba ein med ein plan kalla Apostle. I planen stod det korleis Noreg skulle frigjerast etter at Tyskland var slått på heimebane.
Oppdraget. Det var som ein del av Apostle at ein fyrst byrja tenke på ei rolle for spesialstyrken Special Air Service (SAS) i Noreg. På dette fyrste møtet i september 1943 var SAS tenkt å utføre fire ulike oppdrag i Noreg. Dei skulle sikre lan-
dingsstader for styrker som kom sjøvegen eller frå lufta. Vere med å halde lov og orden. Sikre viktig infrastruktur og arrestere gestapofolk og krigsforbrytarar. Den gong bestod det britiske SAS av to regiment – 1 SAS og 2 SAS. Det var òg andre avdelingar som var franske og belgiske
i same avdelinga, men dei hadde nok å gjere i sine respektive land.
Oppdeling. Ei knapp veke etter møte blei pla- nen stadfesta. Eit tillegg opna opp for å nytta to–tre lag til rekognosering før tyskarane la
ned våpena. Hovudstyrken måtte vente. Utover hausten og tidleg vinter haldt ein fram med planlegginga for spesialstyrkane. Ein delte jamvel Noreg inn i soner. Amerikanarane sin spesialstyrke OSS (forgjengaren til CIA og Green Berets) fekk ansvaret frå og med Tromsø til og med Bodø. Frå Trøndelag og sørover skulle teigen delast mellom SOE, det vil seie Kompani Linge og SAS. Hensikten no var at SAS aktivt skulle delta med sikring av objekt, såkalla
anti-sabotasje. I midten av november hadde 1. SAS øyremerka 30 offiserar og 130 menn til opp- drag, mens 2. SAS stilte 40 pluss 280.
Sahara og Skottland. Diskusjonane den hausten kom lenger enn berre til papirmølla. For å ope- rere i Noreg, uvisst når på året, trengte SAS tre- ning i vinterforhold samt i skigåingas mysterier. For regimentet som hadde byrja soga i Sahara, var det langt til nordavind og snøforhold. Fleire alternativ blei lagt fram for å gje soldatane dei rette forholda: Vintersport, altså alpint, i dei franske Alpene var eitt. Eit anna var å sende dei til Canada eller Island, mens det siste var å nytta fjelltreningssenteret i Skottland.
Skitrening: Det var den enklaste løysinga som til slutt vart vald. Og frå september og fram til februar 1945 var folk frå dei to regimenta under trening ved Banchory utanfor Edinburgh. For at vintertreninga skulle fungere, blei det sagt
at ein skulle nytta norske offiserar og soldatar
56 AUGUST 2020 forsvaretsforum.no





















































































   54   55   56   57   58