Page 57 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 57

 TRANSPORTFLY: Soldatar frå Special Air Service gjør seg klare til eit fallskjermhopp under trening i Egypt. FOTO: IMPERIAL WAR MUSEUM
i treninga. Diverre er det ikkje lista opp nokre nordmenn, men sidan dei velde den skotske løysinga, er det sannsynleg at det var nordmenn som ga skitrening og anna. Om dette stemmer, syner det at nordmenn trena opp SAS før rollene vart reverserte under Den kalde krigen. Jamvel om det er ei fotnote i spesialstyrkesoga, er det uansett eit godt poeng for dagens spesialstyrkar over ei vennleg øl med sine britiske kollegaer – det var vi som byrja å trene dykk.
«Betongblanding». I desember 1944 skjedde det mykje på frontane i Europa frå Lappland til Ardennene. Den tyske lapplandsarmeen trakk seg gradvis tilbake til Lyngen med omtrent 200.000 mann. I Ardennene starta motoffen- siven midt i desember. Hendingane i det høge nord gjorde at dei allierte blei opptatt av å hindra at store tyske styrker kunne trekke seg tilbake til Tyskland og med det bidra i krigens siste fase. Planen som etter kvart blei kjent som Operasjon Betongblanding, byrja no å ta form. I
denne planen var 2. SAS tenkt ei aktiv rolle med å sabotere kommunikasjonslinjer, anten det
var veg, jarnbane eller telefonlinjer. Dei som sa nei, var den allierte leiinga under general Eisen- hower, men i Skottland jobba ein vidare med å finne ei opning for SAS, trass i generalens nei.
Sabotasje. I starten av januar 1945 blei det plan- lagt operasjonar med amerikanske og britiske styrker. Dei skulle drive sabotasje saman med lokale norske motstandsgrupper. Dei norske styresmaktene sa ikkje omgåande nei til pla- nen, men sette eitt krav: Ingen av styrkane til dei allierte stormaktene skulle operere sør for Trondheim. Grunngjevinga frå norsk side var frykt for at Milorg-grupper ville gå frå å vere
ei undergrunnsrørsle til å gå i open kamp mot tyskarane. For SAS såg ein fyrst på eit par bruer på Nordlandsbanen som mål, men til slutt stod ein att med ei bru som ikkje var med i starten, den ved Snåsamoen.
Skrinlagd. Etter planen med kodenamn Ibrox skulle eit lag på ti mann droppast inn med fallskjerm, linke opp med lokal motstand og øydelegge brua før dei vart guida trygt over til Sverige. Operasjonen kom så langt at spesial- styrkane stod klar på flyplassen Tain i Skott- land. Vindauget med nok månelys byrja 28. mars 1945, og dei sat stand by frå den datoen. Om det var veret eller andre ting som sinka opp- draget er uklart, men 4. april kom meldinga om at det var utsett til neste fullmåne. Fem dagar seinare, og fem år etter den tyske invasjonen i Noreg, blei operasjonen skrinlagd for godt. Dei to SAS regimenta vart flytta til kontinentet i eit nytt forsøk på å ta bruer over Rhinen i opera- sjon Varsity. Operasjonen var den største luft- borne åtaket i krigen, og denne gongen lukkast planane.
Sola flyplass. SAS var no i Tyskland, langt frå Noreg. Ein plan som vart liggande i
»»» AUGUST 2020 57

























































































   55   56   57   58   59