Page 58 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 58

historisk » Spesial Air Service i Norge
 »
«For regimentet som hadde byrja soga i Sahara var det langt til nordavind
og snøforhold»
skuffa, hadde ein sett på om det var mogleg å ta og halde Sola flyplass før ein tysk kapitulasjon. Om denne operasjonen hadde blitt iverksett, ville det vore ein kopi av 1940 då tyske fall- skjermjegerar tok flyplassen. Det vart ingen ting av angrepet, men 3. mai 1945 vart SAS kalla til- bake til Storbritannia. Oppdraget denne gongen var omtrent ein blåkopi av planane frå septem- ber. Dei landa på Sola som ein del av operasjon Apostle, frå 10. til 12. mai. SAS var i Noreg.
«Mad» Mike. Forpartiet med den legendariske brigader «Mad» Mike Calvert i spissen hadde
ei overnatting i Stavanger før dei rulla sørover til Kristiansand i jeepar, på lastebilar og tog.
Dei oppretta hovudkvarter på Hotell Ernst og delte okkupasjonssona i to. 1. SAS vest for Otra til Fedafjorden og 2. SAS aust for Otra til fyl- kesgrensa til Telemark. I dagane på Sørlandet utførte dei helst vaktoppdrag samt patruljer opp dalføra med jeep. Tida elles gjekk mest med å internere tyskarar samt å samle russiske krigs- fangar som var på ulike stader i Agder-fylka. Lokalbefolkninga var sjølvsagt i godt humør. 17. mai var eit naturleg høgdepunkt desse dagane.
Slaget om Bergen. Tida på Sørlandet vart kort. Alt 26. mai vart dei frakta med båt til Distrikts- kommando Vest og Bergen. Dei dagelege opp- draga handla om heimsendinga av tyskarar og russiske krigsfangar. Utover sommaren 1945 blei situasjonen i Bergen meir normal. Miner vart rydda, og forsyningar kom inn. Det var nok ikkje all verda å ta seg til. Lokalhistorikaren Per Helge Martinsen skriv i boka «Hemmelig krig» om ein episode kalla «Slaget om Bergen.» Ein SAS-soldat var arrestert av norske polititroppar av ukjend grunn. Det enda med at SAS storma politikammeret natta til 8. juli og fekk kamera- ten fri. SAS sin eigen rapport er taus om denne hendinga og andre liknande saker. Då oberst John S. Wilson, den britiske sjefen for Kompani Linge, kom for å sjå til sine menn i Bergen, fortalde han om ei anna og større problem
enn med politikammeret. Wilson skriv om eit «slag» om kvinner mellom SAS og norske
AUGUST 2020 forsvaretsforum.no
PARADE: Sentrale allierte offiserar under ein paraden i Bergen sommaren 1945. Frå høgre står Alex Murihead, Paddy Mayne, Harry Poat og Brian Franks. «Mad» Mike Calvert er nummer ni frå høgre. FOTO: UTLÅNT AV PER HELGE MARTINSEN
sjøfolk 15. juni. Kvinnene var slike som hadde vore i lag med tyskarar, og SAS tok hand om dei og tok dei med seg til forarging for sjøfolka. Han skriv vidare at: «Det er uheldig at me heile tida har fått klager om SAS.»
Heimreise. Bilete som teiknast frå desse episo- dane, indikerer at det vart ein del trøbbel med SAS i Noreg fredssommaren 1945. Og det kan òg vere ei delvis forklaring på kvifor opphaldet til dei britiske spesialstyrkane i Noreg den somma- ren stort sett er gløymd. Men SAS hadde meir og mindre gjort jobben då dei pakka ned og segla heim til Storbritannia i slutten av august. Britane fylde ikkje på med nye folk. SAS var ute av Noreg.
Tilbake til Noreg. Med slutten av krigen stogga behovet for spesialstyrkar – trudde ein. SOE
kor kompani Linge var den norske delen, vart langt ned, det same vart SAS. Nordmennene frå Linge nytta noko av kunnskapen i det nye Hei- mevernet, som ein del av dei gjekk inn i. SAS var nedlagt kort tid før det vart oppretta på nytt. Ein stad kor dei på ny fekk legendarisk status, var
i Malya på 1950-talet. Og det var ingen ringare enn «Mad» Mike som leida an fjernt frå Torgall- menningen i Bergen.
Myter. Men SAS var ikkje ferdige med Noreg. Under den kalde krigen trente dei fleire gon- ger i landet under Nato-paraplyen. Med åra er det bygd ganske sterke band over Nordsjøen mellom spesialstyrkane. Det er mogleg at SAS hadde hatt eit litt betre ry rett etter krigen
om dei hadde gjennomført Operasjon Ibrox i Nord-Trøndelag. I staden fekk dei ei oppgåve med å fylle eit vakuum etter enda ein konflikt. Med åra har SAS fått ei ganske høg stjerne blant spesialstyrkar og vore ein skapar av myter.
Fokus på Russland. Med fleire år i krig mot terror har hovudfokuset vore andre stadar enn Noreg. Men ironisk nok, no når me nærmar oss 74 år sidan dei kom til Noreg, dukka det opp ein interessant nyheit på BBC. Reporteren Mark Urban, kjend for gode kjelder i SOF-miljøa, kunne rapportere at britiske spesialstyrkar skal auka fokus på den russiske trusselen. Oppgå- vene er å operere i gråsona for å kontra russisk aktivitet. Kva det tyder i praksis, vil me nok ikkje få vite.
Returoppgjer. Men det er to ting ein kan ta med seg frå soga. Fyrste gong SAS trefte russarar, var i Noreg, og for det andre kan det verte meir tid til trening under arktiske forhold. Men om SAS kjem til Noreg i åra framover, vert det neppe mykje omgang med sivilbefolkninga. I det heile er det tvilsamt om ein vil høyre om SAS kjem til lands igjen – om då ikkje politiet i Bergen steller i stand eit returoppgjer.
Kjelder:
The National Archives.
Per Helge Martinsen – Hemmelig Krig.
ASGEIR UELAND
 58









































































   56   57   58   59   60