Page 72 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2022
P. 72

 PÅ BESØK | EVENES
72
 FLY-SJEF: Det er viktig at ein ikkje trur kva den andre parten held på med, men faktisk veit det – for å unngå utilsikta eskalering, seier skvadronsjef Per Jørgen Tiller.
er det difor viktig å ha «ny teknologi», som Holand skildrar, for å halde norske politikarar og allierte, spesielt USA, opp- datert på kor desse ubåtane til ein kvar tid finn seg.
Det at slike oppgåvene vert utført av Noreg på vegne av Nato-allierte, er aksep- tert frå russisk side, meiner Holand.
– Russland er vane med å sjå både Kyst- vakten og overvakingsflya i nord. Det at dette er norske fly med norske tilsette om bord, er tryggjande for russarane.
– Om Russland har ei militærøving, då er de på plass?
– Då dreg vi opp og ser. På kva dei gjer, om dei har fått ny teknologi, om dei gjer ting på nye måtar. Vi har normalt nærvær i området, også når dei øver. Akkurat som vi er interessert i å finne ut om ting er inn- anfor normale, er Russland opptatt av å finne ut kva vi held på med.
– Kan ein ferdast til havs i våre områder utan at dette flyet finn ut av det?
– Det har eg inga meining om.
– Ein kan finne ting både over og under havoverflata?
– Ja.
– Korleis finn ein ting under havoverflata?
– Eg har ikkje lyst til å gå inn på kva system som vert brukt for å finne ting under havoverflata, seier Holand.
Løyndom er noko som går igjen i det meste som skjer på Evenes. Det er ikkje lov å fotografere infrastruktur som mas- ter, stålgjerder, grøfter eller mellombelse telthangarar. Ein må passere gjennom fleire ulike tryggingssoner for å kome fram til verkstaden for P-8A-flya. Berre det å kome seg inn på området der dei tilsette i Luftforsvaret har tenestekvarter krev identifisering i fleire kontrollpostar.
Så strenge er tryggingstiltaka på Evenes at til og med basens nestkommanderande, Kristian Holand, denne dagen ikkje kjem seg forbi bommen og vidare inn mot områ- det der Forsvaret no byggjer permanente hangarar for sine nye overvakingsfly.
– Det ser ut som at kortet mitt ikkje fungerer i dag, seier han, før vi må snu og køyre tilbake.
Og P-8A-flya vert overvaka nøye. Ingen får lov å gå om bord sjølv med
øyreproppar frå Apple. Kva som finst av teknologi og utstyr i flyet snakkast også berre om i generelle vendingar. Kor lenge flyet kan operere samanhengande på eitt oppdrag, eller kva dei ulike operatørane gjer med sine datamaskiner, er ting For- svaret ikkje vil opplyse om. Det er USA som eig mykje av teknologien, forklarer Holand. Derfor er det ikkje berre norske tryggingskrav som gjeld, men også ame- rikanske.
Christian Fiskaa seier tryggingsnivået på Evenes er noko heilt anna enn ved flystasjonen i Bodø, der han jobba med F-16. Det må det neste vere, seier Fiskaa, all den tid teknologien i den nye P-8A er langt meir utsett for etterretningstrugsel enn dei «gamle» jagarflya, der deler av teknologien allereie var nedgradert.
– Kva er du best på av alle dei ulike arbeidsoppgåvene du utfører?
– Det har eg ikkje så lyst å snakke om. Ikkje veit eg heller om eg har lov til å for- telje det.
– Kan flyet fylle drivstoff i lufta frå eit tankfly?
 











































































   70   71   72   73   74