Page 74 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2022
P. 74

 PÅ BESØK | EVENES
tiår hatt ei viktig rolle i å varsle Nato om uvanleg russisk aktivitet i nord. Tuller understrekar at Noreg tradisjonelt har eit ordna og godt forhold til Russland i nordområda, med at Russlands aggressive åtferd andre stader i verda har auka beho- vet for nye overvakingsfly.
– Når vi er der ofte, ser vi kva som er normalt og kan varsle om avvik frå normalen.
– Det at regjeringa har bede For- svaret om å vere klar med P-8A-flya tidlegare enn planlagt, kva fortel det?
– Det fortel at etterspørselen for overvaking og etterretning har auka. Det er viktig at ein ikkje trur kva den andre parten held på med, men faktisk veit det – for å unngå utilsikta eskalering, seier Tiller.
Klokka har passert halv fem på etter- middagen når Fiskaa låser seg inn på tilsettkvarteret, ei nybygd treetasjes byg- ning som stod klar i fjor med toalett på alle rom, kunst på felleskjøkenet og heis. Her får Fiskaa og resten av mannskapet leige topp moderne hyblar til ei billig
penge. Nokre militærbygg står igjen frå den tida Evenes flystasjon vart etablert på 1980-talet med Nato-midlar. Men overalt på basen byggast det no nytt. Vegar asfal- terast. I Forsvaret snakkast det med iver over at ein igjen no etablerer ein ny og
«Vi har ein jobb og det er å sørgje for at flya er klare til å operere»
moderne militærbase, nærast frå grunn av. I 2012 vedtok Stortinget at Evenes skulle vere framskoten operasjonsbase, såkalla QRA, for Noregs nye jagarfly, F-35. To fly er i dag på femten minutts beredskap, året rundt. Og i 2016 vart det bestemt at dei nye overvakingsflya skulle stasjonerast på Evenes.
Med alle vernepliktige og tilsette på plass, vil basen ha fem komplette skva- droner og bataljonar.
– No bygg vi for generasjonar. Det er ei veldig spennande tid på Evenes no. Det var berre ein tilsett frå Luftforsvaret
til å starte med, meg, som koordi- nerte dette. Men vi skal bli mange menneske her etter kvart, seier Holand.
Fiskaa var på kurs i våpensys- tem på Kjevik då Russland inva- derte Ukraina natt til 24. februar i år. 23-åringen seier krigen ikkje er noko som vert diskutert mykje blant kollegaene på Evenes, sjølv om Forsvaret har auka beredska- pen.
– Vi har ein jobb og det er å sørgje for at flya er klare til å operere, seier han.
Likefullt har han nokre tankar om krigsutbrotet i Ukraina og det stadig meir vanskelege forholdet mellom Russland og Vesten:
– Eg tenkjer sjølvsagt at jobben eg gjer er viktig for trygginga av Noreg.
 ANNONSE
  NÅR LEVERING
BETYR ALT
Vår omfattende flåte inkluderer et stort utvalg av personbiler, elbiler og varebiler.
WE TRY HARDER
AVIS.NO
 74












































































   72   73   74   75   76