Page 73 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2022
P. 73

   OPP I LUFTA: P8-A Viking er klar for testflyging frå Evenes. Regjeringa har bede Luftforsvaret om å få dei nye flya på vengene og i teneste så snart som råd.
 AUGE SOM SER: Russland vil setje nye atomdrivne ubåtar i drift frå sine basar på Kola dei neste åra. Kristian Holand, nestkommanderande ved 133 luftving, seier Forsvaret vil følgje med.
– Det kan eg ikkje fortelje.
– Tykkjer du det er krevjande å ha ein jobb der du ikkje kan snakke med kompisane dine om kva du held på med?
– Nei. Kompisane mine bryr seg midt bak om fly. Og uansett om eg hadde starta å fortelje, hadde dei ikkje skjønt kva eg snakka om.
– Det er mykje som er hemmeleg i jobben din?
– Ja. Og slik må det nesten vere.
Å vere nabo til eit land som Russland, som har invadert eit anna naboland, er den aller største aktuelle tryggingspoli- tiske utfordringa for Noreg i dag, meiner skvadronsjef Per Jørgen Tiller. Det er han som er sjef for Noregs nye overvakingsfly.
– Det er nok mykje uvisse blant dei som fattar viktige avgjersler i Noreg på kva som skjer. Sjølv om faren for uro i nord vert vurdert som liten. Er det alltid ei viss spenning der. Og mange i befolk- ninga er urolege. Då er det viktig for oss å fortelje at vi følgjer med. Og ting er nesten som normalt i nordområda no, seier Tiller.
FAKTA EVENES FLYSTASJON
> Den militære delen på Evenes vart etablert frå slutten av 1970-talet. Den sivile flyplassen opna i 1973.
> Etter å ha blitt bygd ut gjennom 80-tallet, blant anna vart rullebanen forlenga til 2,8 kilometer med Nato-midler, vart basen mindre viktig då Den kalde krigen var over.
> I 2016 beslutta Stortinget at Evenes skulle vere hovudsete for Noregs nye maritime overvakingsfly i nord. Andøya flystasjon skulle leggjast ned.
> Forsvaret seier det skal investerast over fem milliardar kroner i infrastruktur på Evenes dei neste åra. Truleg er dette beløpet langt høgare.
> Forsvarsdepartementet seier minst åtte milliardar kroner trengs for å gjere Evenes flystasjon klar som hovudbase for P-8A og som framskoten base for dei nye kampflya F-35. To F-35 er på 15 minutters beredskap året rundt på Evenes.
P-8A POSEIDON
> P-8A Poseidon er eit maritimt patruljefly bygd av amerikanske Boeing. Flyet kan overvake store havområder, finne ubåtar og drive avansert elektronisk etterretning.
> P-8A Poseidon kan utstyrast med forskjellige våpen, som torpedoar, miner og djupvassbomber. Flyet kan nå over 12.000 meter og har ei maksfart på drøyt 900 kimometer i timen.
> I 2016 bestemte Stortinger å kjøpe fem slike fly som erstatning for dei gamle P-3 Orion-flya, som i over 50 år har overvåka norske havområder.
> Kostnaden i prosjektet er over 11 milliarder kroner. I tillegg kjem kjøp av utstyr over budsjetta til E-tenesta.
> Dei tre første flya er levert Noreg og er no under testflyging ved Evenes flystasjon. Dei to siste blir levert neste år.
Norske maritime patruljefly har i fleire
FORSVARETS FORUM 73












































































   71   72   73   74   75