Page 11 - Forsvarets forum 5-2019
P. 11

ORDFØRAR: Rune Rafaelsen
                                                                                       er ordførar i kommunen som
                                                                                       grensar til Russland.













                                                                                       seg som ein fugl føniks frå oska. Faren hans,
                                                                                       Alf Rafaelsen, var sjølv med som soldat under
                                                                                       frigjeringa av landsdelen. Trass i krigsinnsatsen
                                                                                       sin har faren aldri fått nokon medalje eller noka
                                                                                       påskjønning for tenesta.
                                                                                         – Han verva seg berre 16-år gamal. Faren min
                                                                                       har ikkje fortalt mykje om det i ettertid, men
                                                                                       eg har skjønt at det var nokre opplevingar som
                                                                                       særleg sette spor. Spesielt da han fann liket av
                                                                                       ein tysk soldat som berre var nokre år eldre enn
                                                                                       han. Det gjorde også sterkt inntrykk å sjå den
                                                                                       råe behandlinga av dei russiske krigsfangane.
                                                                                         – Føler du at krigshistoria i Finnmark har hamna
                                                                                       i skuggen av det som skjedde andre stader i landet?
                                                                                         – Heilt klart. At dette ikkje er pensum i
                                                                                       grunnskolen, er ein gåte for meg. Her i nord var
                                                                                       det partisanar, brend-jord-taktikk og bombing i
                                                                                       årevis. Det var ei enorm psykisk påkjenning for
                                                                                       folk og vanskeleg for mange å snakke om. Faren
                                                                                       min blei operert for nokre år sidan. Først da fekk
                                                                                       eg vite at han hadde blitt skadd av ein granat-
                                                                                       splint under krigen. Det har han aldri fortalt om
                                                                                       tidlegare.
                                                                                       Frode Berg. Nå går mykje tid med til å førebu
                                                                                       75-årsjubileet. Ein annan ting som har opptatt
                                                                                       mykje av tida hans dei siste åra, er Frode Berg-
                                                                                       saka. Dei to har kjent kvarandre sidan 1994 da
                                                                                       Berg var grenseinspektør. Rafaelsen kallar arres-
                                                                                       tasjonen av nordmannen ein personleg tragedie.
                                                                                         – Er det noko den russiske etterretninga
                                                                                       kan, er det å bryte ned menneske. Men eg trur
                                                                                       regjeringa nå gjer alt som er mogleg, for å få han
                                                                                       heim igjen.
                                                                                         Ein av grunnane til at han ønskte at Noreg
                                                                                       skulle invitere Putin, er at han trur det ville
                                                                                       gjere det lettare å få frigjeve den spiontiltalte
                                                                                       nordmannen.
                                                                                         – Dersom ein hadde invitert Putin, trur eg
                                                                                       han hadde brukt høvet til å benåde Berg. Det
                                                                                       hadde sett Putin og Russland i eit godt lys.
                                                                                         – Trur du han likevel kan bli frigjeven i løpet av
                                                                                       året.
                                                                                         – Ja, magekjensla mi seier at Berg blir frigje-
          etter meir stridsvogner og fleire kanonar. Men   krigar ikkje med dei ein har eit tett økonomisk   ven i løpet av hausten. Men det har ofte vist seg
          eg stolar på at Forsvaret gjer gode vurderingar   samarbeid med. Vi skal både ha eit godt sam-  at Russland har ein tendens til å gjere det stikk
          rundt dette.                          arbeid med Russland og eit sterkt nasjonalt   motsette av det ein trur og ventar.
            – Kan det verke provoserande at Grensevakta   forsvar.
          vert styrkt med eit jegerkompani med tyngre våpen?
            – Vi skal ivareta norske interesser og handlar   Krigshistorie. Frå rådhuset er det knappe 50
          deretter. Vi må vere ein truverdig partnar der-  meter til den gamle brannstasjonen der Rune
          som vi skal vere med i Nato.          Rafaelsen vart fødd ikkje mange år etter krigen.
            – Ser du for deg eit scenario der ein kan hamne i   I Europa var det berre Malta som blei bomba
          konflikt med Russland?                fleire gonger enn Kirkenes. Da tyskarane trekte
            – Absolutt ikkje. Eg er for store samarbeids-  seg ut, sto det knapt eit hus igjen i landsdelen.   SVEIN ARSTAD sa@fofo.no
          prosjekt med Russland innan olje og gass. Ein   Det tok nokre år, men etter kvart reiste byen   FOTO: YLVA SEIFF BERGE
                                                                                                                  OKTOBER 2019  11
   6   7   8   9   10   11   12   13   14   15   16