Page 76 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 76

aktuelt
 Sanitet i strid
Nytt sanitetskonsept skal gjere det enklare å operere saman med andre Nato-land.
Ein soldat har skotskadar i lår og bryst.
Ein venflon vert sett i venstre arm for å tilføre soldaten væske, mens han vert pakka i eit termoteppe for å motverke effekten av vinden som får det til å knirke i furutrea på Rena
leir.
I eit lite skogholt driv soldatar førstehjelps- trening. Den såra soldaten ligg på bakken, mens to makkerar jobbar med å stoppe blødingane. Kurset vert kalla «Junior Army medic» og er ein del av sanitetssystemet Tactical Combat Casu- alty Care (TCCC). Det handlar om å gjere dei riktige tinga for å redde liv – også mens kulene flyg.
Åtak. – Dersom ein hamnar i ein stridskontakt, så er det å skyte tilbake og vinne eldovermakt noko av det viktigaste ein gjer. Skadde soldatar set sjølve på tourniquet ved store blødingar og
held fram med å kjempe dersom det er mogleg, forklarar sjefslege i Hæren,
Jørn E. Rasmussen (bildet).
Han står og ser på soldat- ane som jobbar iført munn- bind, briller og hanskar.
– I den første fasen skal
medisinsk behandling berre
skje dersom det er heilt
naudsynt. Dette er for å
unngå fleire skadde. Når ein har eldovermakt, så er neste steg å kome seg i tryggleik. Dette vert kalla «Care Under Fire» og handlar om direkte livreddande førstehjelp i situasjonar der ein er under åtak.
Militære behov. I Noreg var Marinejegerkom- mandoen først ute med å ta i bruk sanitetssys- temet TCCC. Hæren følgde etter i 2007 før det
blei vedtatt å innføre konseptet i heile Forsvaret i 2017. Det inneber ein heilt ny utdannings- modell, nye prosedyrar og nytt materiell.
– Det vi har brukt tidlegare, har vore basert på sivile prosedyrar tilpassa eit militært system. Nå har Forsvarets sanitet innført eit konsept som i større grad byggjer på militære behov og som skal fungere i felt.
Det fortel stabssersjant Ole Nærbø ved For- svarets sanitets våpenskole. Han har jobba med innføringa av TCCC sidan 2016. Konseptet har blitt utviklet i USA som eit samarbeid mellom helsepersonell og sanitetssoldatar med røynsle frå blant anna Afghanistan og Irak. Dei har sett på korleis dette kan løysast i praksis.
– I USA har ein statistikk over kva for typar skadar som fører til flest dødsfall i strid. Det har vi nå tatt høgde for i utdanninga. Det er mange prosedyrar som lett kan gjennomførast på eit
 76 OKTOBER 2020 forsvaretsforum.no













































































   74   75   76   77   78