Page 78 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 78

aktuelt » nytt sanitetskonsept
 HJELPEPLASS: Ein såkalla «Role 1» hjelpeplass er neste stoppested for såra etter livreddande førstehjelp på skadestaden.
» er neste stoppestad for såra etter livreddande førstehjelp på skadestaden.
– Scenarioet er at vi har avgrensa evakue- ringsressursar og har fått inn to kritisk såra frå fronten. Normalt ville vi freista å evakuere så fort som mogleg til kirurgi. Det har vi ikkje moglegheit til nå, derfor skal vi kunne ta vare på den skadde i opp til 72 timar, fortel Markus Aasheim som deltar på kurset som vert kalla «Intermediate Army Medic».
Nato-standard. Han har ansvaret for to team som behandlar soldatane. På innsida av teltet er det godt over 30 varmegrader. Det er for å halde oppe kroppstemperaturen til soldatane som har fått splintskadar med store blødingar. På veg- gene heng standardiserte satsar med utstyr som gjer det enklare å orientere seg og gjennomføre rask behandling.
– Eg tar ei vurdering av tilstandane til dei såra som kjem inn og fordeler ressursane etter behov. Kursdeltakarane kjem frå ulike avdelingar, men har ei ganske lik forståing av faget, seier Aasheim.
Han har snart jobba ni år i Telemark bataljon og har nyleg kome heim frå seks månader i Nato-operasjonen Enhanced Forward Presence i Litauen.
– Kor viktig er det med eit standardisert sanitetskonsept mellom allierte?
– Det gjer samarbeidet enklare. Eg trur vi er på eit ganske godt standardisert nivå allereie. Alle Nato-landa eg har vore borte i, brukar også TCCC-konseptet.
Blødingar. Ifølgje stabssersjant Ole Nærbø har norske soldatar allereie brukt konseptet for å redde liv i internasjonale operasjonar. Statis- tikken viser at flest skadde soldatar døyr av blødingar.
– Klarar vi å lære soldatane til å stoppe store blødingar og syte for frie luftvegar, har vi kome langt, seier han.
På kursa er det også lagt stor vekt på å hindre skadde soldatar i å bli kalde.
– Det høyrest kanskje banalt ut, men er utro- leg viktig. Amerikanske studiar syner at dersom ein har ein alvorleg skotskade og ein kropps-
temperatur på 32 grader, så er overlevingssjan- sen tilnærma lik null, seier Nærbø.
Dette siste punktet er spesielt relevant for operasjonar i Noreg. Derfor må sanitetsper- sonell i Forsvaret bli ekspertar på å hindre nedkjøling.
– Vi må lære soldatane å stoppe blødingar, halde luftvegane opne og halde den skadde soldaten varm. Klarar vi dette, så ligg vi an til å vere blant dei beste i verda innan sanitet.
SVEIN ARSTAD sa@fofo.no
FOTO: KRISTER SØRBØ ks@fofo.no
 78 OKTOBER 2020 forsvaretsforum.no
















































































   76   77   78   79   80