Page 77 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 77

 sjukehus, men som er meir utfordrande når det skal gjerast ute i felt, når det er mørkt, kulde- grader eller snø, seier Nærbø.
Nye nivå. I Noreg blir den gamle utdannings- modellen med kompetansesnivå 1-5 utfasa.
Nå vert dette erstatta med nemningar frå TCCC. Alle forsvarstilsette og vernepliktige skal ha det lågaste nivået som vert kalla «First Responder». Kurset går over fire dagar og inneber at soldaten skal kunne ta vare på seg sjølv og makker som blir såra.
Nivået over heiter «Advanced First Respon- der», og her blir soldatane trena til å fungere som medic på lagsnivå. På troppsnivå vil ein soldat vere «Basic Medic». Deretter følgjer «Combat Medic» som er reservert for verva sanitetsspesialistar.
FØRSTEHJELP: Forsvaret innfører eit sanitetskonsept som er felles for Nato-landa.
– «Junior Army Medic» og «Intermediate Army Medic» er pilotkurs som Hæren gjennom- fører. Dette er del av utviklinga av det som blir «Combat Medic»-utdanninga i Forsvaret, seier Ole Nærbø.
– Kor langt har ein kome med å implementere systemet?
– Dei tre første grunnnivåa er ute i alle greinene. Forsvarets sanitet har i tillegg utdanna rundt 190 fagansvarlege instruktørar fordelte på heile Forsvaret.
Kritisk såra. Vi flyttar oss nokre kilometer til eit øvingsområde utanfor leirgjerdet. Frå innsida av eit stort gult telt, merkt med ein raud kross, høy- rer vi jamringa frå to skadde » » » soldatar. Dette er ein såkalla
«Role 1» hjelpeplass. Dette
 Dette er nivåa i den nye sanitetsordninga:
First Responder Advanced First Responder Basic Medic
Combat Medic*
* «Junior Army Medic» og «Intermediate Army Medic» er pilotkurs som Hæren gjennomfører på vegner av Forsvarets sanitet i utviklinga av det som blir «Combat Medic»-utdanninga i Forsvaret.
OKTOBER 2020 77




















































































   75   76   77   78   79