Page 5 - Forsvarets forum 6-2016
P. 5
Japan gjekk til åtak på USAs stillehavsflåte
primært for å setje slagskipa ut av spel.
Inga anna hending har hatt større innverknad
på verdas gang i det 20. hundreåret.
Etter dette åtaket snudde opinionen i USA, og
landet deltok med full styrke for å stoppe den
fælslege krigføringa til aksemaktene og fascismen
i Europa og Asia.
Utan deltaking frå USA kunne utfallet av
2. verdskrigen blitt eit ganske anna.
Norskætta offiser. For amerikanarane kom åta-
ket fullstendig overraskande. Elendig etterretning
og dårleg kommunikasjon gjorde dei japanske jag-
arflya totalt overlegne med det resultatet at USAs
stillehavsflåte vart utsletta mens han låg til kai.
Ein av soldatane om bord på slagskipet USS
PÅ VITJING: Harald Oleson vitjar mormora si i Oklahoma var den norskætta Harald Oleson med
Oslo i 1937 ved eit amerikansk flåtebesøk i Skan-
røter frå Jørstadmoen. Oleson var underoffiser
dinavia. FOTO: PRIVAT
på kanontårn nr. 4 og om bord da åtaket kom.
Kanontårnet fekk ordre om bemanning, men ikkje
evakueringsvarsel da fartøyet blei råka og var på
veg til å søkke. Ansvarleg offiser hadde gitt beset-
ninga ordre om å bemanne kanontårnet, men
unnlét å gi evakueringsvarsel da fartøyet krenga
over 90 grader. Sjølv hoppa offiseren over bord da
han kom opp på dekk. Oleson tok ansvar og gav
medsoldatane sine ordre om å kome seg ut. Han
hjelpte tre skadde kameratar opp frå nivåa ned-
over i kanontårnet. Til slutt hoppa han sjølv over
bord, utan at han eigentleg kunne symje, men
som han fortalde: «Eg fekk brått lære meg
å symje.»
Mista beina. I boka «The story of World War II»
skriv forfattaren at takka vere ukjende heltar som
Harald Oleson blei tapet på Oklahoma berre 448,
ein tredel av besetninga på skipet.
Oleson tenestegjorde vidare på kryssaren Bir-
mingham og var i kamp ved slaget om Leyte på
Filippinane i juli 1944. Dette var det største sjø-
slaget under den andre verdskrigen. USS Birming-
ham la til hangarskipet Princeton som var bomba
og sett i brann av japanske fly. I staden for å bli på
sin post deltok Oleson i brannslokkingsarbeidet på
hangarskipet. Ein kraftig eksplosjon råka han med
full styrke og slo av begge beina. Oleson var liten
av vekst og hadde alltid spøkt med at han stod på
tærne for å kome inn i marinen. Nå spøkte han
med sanitetsfolka mens han fekk ein kopp kaffi og
sa at når han nå fekk nye bein, ville han syte for at
dei blei lange nok til at han kunne nå fram til gass-
pedalen på Cadillacen han skulle kjøpe.
Han døydde like etter eksplosjonen på hangar-
dekket til USS Princeton.
ARNE FLAATEN desken@fofo.no
Biletet:
Slagskipet USS West Virginia
i brann etter åtaket på Pearl
Kjelder:
Harbor. Donald L. Miller: «The story of WWII» og Stephen Bower Young:
FOTO: US NAVY «Trapped at Pearl Harbor».
DESEMBER 2016 5