Page 86 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 86

  86
SOLDATNYTT
  PERMANENT SKADE: Kronberg har ein permanent ryggmargskade. I løpet av våren vil ho få definert invaliditetsgrad.
Våren 2019 skal Sandra Myrskog Kronberg stå slalåm i Narvik. Ho er tillitsvald i Kystvakta – avde- linga er på velferdstur. Som til- litsvald er Kronberg med på å arrangere turen.
Om ni dagar skal ho dimitterast, men ho drøymer om å halde fram i Forsvaret – og aller helst i Kystvakta. Ho elskar å vere på båt.
– Eg skal prøve meg på eit hopp, men landar på nakken, fortel ho.
Kronberg bryt både nakke og lårhals. Ho får ein skade i ryggmergen og blir lam frå brystet og ned.
– Legen som ser til meg, seier at han er uviss på om eg kan gå att.
INVALIDITETSGRAD. Sandra Myrskog Kronberg søkjer om – og får – støtte frå Nav.
Alle vernepliktige inne til teneste har ei 24-timars yrkesskadedekning frå dei møter opp til teneste til og med heimreisa når dei blir dimitterte. Denne gjeld også på fritida og under permisjon. Dersom ein vernepliktig skader seg under førstegong- stenesta, skal vedkomande få utbetalt eit bestemt beløp. Beløpet på yrkesskadedek- ninga er sett og vil ikkje nødvendigvis dekkje alle utgifter, men er meint å dekkje oppfølging og behandling av skade.
Utfordringa til Kronberg er at med dei skadane ho har, blir det ikkje sett invali- ditetsgrad før etter to år. Det tar nemleg
tid å vurdere kor omfattande skadane vil bli. Derfor har ho ennå ikkje fått erstat- ning frå denne ordninga. Dei utgiftene ho har hatt, har ho i stor grad vore nøydd til å dekkje sjølv – eller gjennom private forsikringar.
FELL UTANFOR. Våren 2019 søkjer San- dra Myrskog Kronberg også om støtte frå Statens pensjonskasse. I tillegg til yrkesskadedekninga har alle verneplik- tige yrkesskadeforsikring. Ho skal dekkje fleire utgifter ved ein skade. Ho skal også dekkje tapt arbeidsinntekt eller tapte stu- diemoglegheiter. Ho gjeld derimot ikkje under heile førstegongstenesta. Paragraf 10 i yrkesskadeforsikringslova seier at






















































































   84   85   86   87   88