Page 88 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 88

  88
SOLDATNYTT
   KYSTVAKT: Sandra Myrskog Kronberg om bord på eit kystvaktfartøy. Ho drøymde om å halda fram i Forsvaret før ulykka.
«Statens pensjonskasse meiner at velferd ikkje
er ein del av tenesta. Men når du er vernepliktig – og spesielt på båt–erdui teneste heile tida»
yrkesskadeforsikringa skal dekkje ska- dar og sjukdomar som arbeidstakarar vert påførte i arbeidet, på arbeidsstaden i arbeidstida.
Det vil seie at i motsetnad til yrkesska- dedekninga så gjeld ikkje yrkesskade- forsikringa på fritida og under permisjon.
I yrkesskadeforsikringslova står det at skadar som vert påførte under sosiale utflukter utan fagleg innhald, blir vur- derte til å falle utanfor.
Søknaden vert avslått.
– Statens pensjonskasse argumenterer med at eg ikkje var i arbeid, på arbeidssta- den i arbeidstida, seier ho.
– Det stemmer ikkje.
Kronberg forklarar at ho ikkje berre var deltakar på velferdsturen, ho var med på å planleggje han. Hun fortel til Soldat- nytt at ho følte at ho var på jobb.
– Oppgåva mi i bakken var å sjå til at ingen følte seg utanfor, og at turen var forsvarleg, seier ho.
Det stadfester befalet til Kronberg.
– Ei av oppgåvene til tillitsvalde hos oss er planlegging og koordinering av velferd. Sandra deltok i planlegginga av aktiviteten saman med underteikna, seier Robin Meyer.
– Det var forventa at alle skulle delta.
Soldatnytt har spurt Statens pensjons- kasse om saka til Sandra Myrskog Kron-
berg. Dei vil ikkje kommentere ho, men skriv i ein e-post at soldatar kan vere dekte under eit velferdsarrangement «så lenge vilkåra i yrkesskadeforsikringslova er oppfylte».
Vilkåra er at «skaden oppstår i arbeid, på arbeidsstedet, i arbeidstiden og faller inn under yrkesskadeforsikringslovens definisjon av arbeidsulykke eller yrkes- sykdom».
Sandra Myrskog Kronberg klagar avslaget inn til Finansklagenemnda.
Der står saka nå, snart to år etter ulykka.
VILLE TEIKNA EIGA FORSIKRING. – Som vernepliktig trudde eg at eg var forsikra heile tida. Det stemte ikkje. Og sånn kan det ikkje vere. Når du er tillitsvald og er med på å arrangere eit velferdstilbod, må du også vere forsikra.
– Hadde eg visst at forsikringa ikkje galdt, ville eg teikna eiga forsikring. Det var det ingen som opplyste meg om at eg kunne eller burde.
Ho viser til ein dom i Høgsterett frå 2014. Ein mann på jobbseminar pådrog seg hovudskadar i samband med aking. Han fekk først avslag på søknad om støtte – med same grunngjeving som Sandra Myrskog Kronberg: at han ikkje var «i arbeid». Feil, konkluderte Høg-











































































   86   87   88   89   90