Page 89 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 89

  VENTAR PÅ KLAGE: Sandra Myrskog Kronberg er fast bestemt på å ta saken vidare dersom klaga skulle bli avvist.
sterett og tildelte mannen yrkesskade- erstatning.
– Statens pensjonskasse meiner at vel- ferd ikkje er del av tenesta. Men når du er vernepliktig – og spesielt på båt – er du i teneste heile tida, seier ho.
Sandra Myrskog Kronbergs advokat er Lars Morten Bjørkholt, tidlegare general- advokat i Forsvaret. Han seier til Forsva- rets forum at han i si tid i Forsvaret ikkje har sett liknande sak.
TILLITSVALORDNINGA REAGERER.
Landstillitsval Anniken Strønen Riise omtalar saka som hårreisande. Ho seier at Tillitsvalordninga kjem til å følgje ho vidare. Forsvaret har bedt Forsvarsdepar- tementet om å klargjere regelverket, men Strønen Riise seier at den førespurnaden vart sendt for meir enn eitt år sida.
– Saken visar at soldatane ikkje har den forsikringa dei trur at dei har, seier ho.
– Og vi held litt pusten – ulykker som dette kan skje igjen.
Ho forklarar at vernepliktige deltek i
ein rekkje ulike aktivitetar.
– At soldatar potensielt må stå aleine
med kostnadar dersom dei skulle vere uheldige, er ikkje haldbart, seier ho.
– Vi kallar inn ungdom ved hjelp av plikt. Da er det for dårleg at vi som sam- funn ikkje stiller opp når ulykka treff.
– Det er i fyrstegongstenestas natur at soldatar deltek på alle delar av tenesta. Velferdsturar er og ein viktig del av tene- sta. Då er det heilt naturleg at soldatane er forsikra.
STØTTER KRONBERG. Jon Andresen ved Forsvarets personell- og vernepliktssenter er samd med Kronberg. Han meiner at ho var i arbeid da ulykka råka. Han kjøper heller ikkje argumentet om at det skjedde utanfor arbeidstida.
– Velferdssoldatar bør ha yrkesskade- forsikring når dei er på velferdsoppdrag, seier han.
Denne saka gjer at han stiller spørsmål ved om dette stemmer.
– Som tillitsvald fungerte Kronberg
som velferdssoldat og var med på å sjå til at opplegget gjekk i orden.
GIR IKKJE OPP. Snart to år etter ulykka kan Sandra Myrskog Kronberg kome seg rundt ved å bruke krykkjer. Men ho har framleis store problem og seier at ho kor- kje er i stand til å jobbe eller studere.
– Eg blir fort sliten og har mykje vondt, fortel ho.
Blir det nytt avslag, er ho innstilt på å ta saka til domstolane.
– Dette handlar ikkje lenger berre om meg. Det handlar om alle som er i første- gongsteneste.
avm@soldatnytt.no oke@fofo.no
Finansklagenemnda er venta å svare på klaga til Sandra Myrskog Kronberg i løpet av februar. Då denne utgåva av Forsvarets forum vart trykka 9. februar 2021, hadde ho ikkje fått svar.
FORSVARETS FORUM 89
 








































































   87   88   89   90   91