Page 108 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2023
P. 108

  108
SOLDATLIV
   FARTØYET: KNM Nordkapp vart overført frå Kystvakta til Marinen i FLAGGSKIP: Ei av oppgåvene på brua er å følge med på november 2022 for å vere med på Nato-oppdrag. dei andre fartøya som er med på oppdraget.
Brandt var sjølv litt skeptisk til oppdraget i første omgang og tenkte at det ville vere nok med tolv månader førstegongsteneste.
– Men eg tenker at det er vel- dig viktig at vi er med og representerer Noreg, at vi er ein del av Nato, og at alle er nøydde til å dra litt av lasset, seier Brandt
til Forsvarets forum.
– Så eg er eigentleg veldig stolt over
at eg enda med den avgjerda, og at eg er med her.
I seks månader skal KNM Nordkapp, med eit mannskap på 60, der hele 60 prosent er vernepliktige i førstegong- steneste, segle i Nord-Europa og rydde farvatnet for miner. Oppdraget startar med øvingar i Oslofjorden før dei set kur- sen sørover til Belgia.
Dei siste fem åra har Sjøforsvaret registrert at i underkant av 400 verne- pliktige har vore med på deployeringar med Sjøforsvaret. Det skriv Vegard Fin- berg i kommunikasjonseininga i For- svaret i ein e-post til Forsvarets forum. Finberg legg likevel til at desse tala ikkje er heilt nøyaktige, fordi nokre verneplik- tige har vore med på fleire deployeringar, men han meiner det framleis gir eit godt bilde.
Etter nyttår drog ein ny kontingent av norske soldatar til Litauen for å for å støtte lokalbefolkninga med sitt nærvær og i utdanninga av litauiske soldatar.
Og blant dei som drog, var det fleire soldatar rett frå førstegongstenesta. Desse har i motsetnad til dei verneplik- tige om bord på KNM Nordkapp, fullført
førstegongstenesta si og gått over på kon- trakt for å vere med på oppdraget.
Operasjonsassistent Mari Brandt og romkameraten hennar, sanitetsassis- tent Kristine Frey, gjennomførte første del førstegongstenesta i Kystvakta, men etter at dei fekk høyre at eit skip i same klasse skulle på Nato-oppdrag, forlengde dei tenesta og blei overførte til Marinen. Nå er dei klare for seks månader om bord på flaggskipet i mineryddarstyrken kalla Standing Nato Mine Countermeasures Group 1 (SNMCMG1).
– Er det noko du gruer deg til?
– Det er jo tøft å vere så lenge borte. Og så pregar det ein også at ein ikkje heilt veit korleis situasjonen i Europa kjem til å sjå ut om ein dag eller to, svarar Brandt.
FRAMTIDSPLANAR
Lugaren dei vernepliktige deler, er deko- rert med postkort frå tidlegare segling til Svalbard med Kystvakta. Her inne tar Frey ein liten pause frå storvasken dei tar ein gong i veka, for å prate med Forsva- rets forum.
Frey valde å forlengje førstegong- stenesta si med seks månader fordi ho trivest godt som pille, som stillinga også
«Eg tenker at det er veldig viktig at vi er med og representerer Noreg, at vi er ein del av Nato, og at alle er nøydde til å dra litt av lasset.»
MARI BRANDT, VERNEPLIKTIG














































































   106   107   108   109   110