Page 110 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2023
P. 110

  110
SOLDATLIV
  GODT HUMØR: Sanitetsassistent Kristine Frey er ein av dei nesten 40 vernepliktige om bord på skipet. Besetninga på KNM Nordkapp består av 60 prosent vernepliktige.
vert kalla om bord, fortel ho til Forsvarets forum. Ho har planar om å gå på sjuke- pleiarstudiet, og sidan ho hadde innrykk i januar 2022, ville det vere eit halvt år til studiestart, noko som ho nå kan bruke på sjøen. Nå ser ho fram til å vitje dei ulike hamnene, sjølv om ho fortel at den stør- ste utfordringa hennar blir engelsken.
På eit dekk lenger opp sit Brandt på knea i full gang med å vaske listene.
Til vanleg jobbar ho oppe på brua der ho hjelper det operative befalet og jobbar tett med dei som jobbar med radio, men på laurdagsvasken må alle hjelpe til.
– VI ER LITT PRIVILIGERTE
Klokka byrjar å tikke mot fire om bord
på KNM Nordkapp. Lukta av krydder spreier seg gjennom gangane på fartøyet. I byssa vert det jobba for å få klar mat til alle om bord, og denne laurdagen stod det hamburgar på menyen.
Dei to månadene frå dei vernepliktige blei overførte til KNM Nordkapp til opp- draget starta har vore ein tøff oppøvings- periode, fortel romkameratane til Forsvarets forum. Dei vernepliktige har fått øve på alt som kan oppstå under seglinga og har hatt opp til fire øvingar på ein dag. Noko som har vore med på å skape eit godt samhald blant dei verne- pliktige, fortel Frey. Opplæringa er langt frå ferdig. Frey og kollegaene hennar på sjukestova skal bli dykkarmedisinsk
trente, fordi det estiske skipet som er med i styrken, har med dykkarar.
– Vi er litt priviligerte, for som solda- tar øver ein masse på ting ein vonar ein aldri skal gjere. Stort sett tenker dei fleste at ein øver på noko ein ikkje ønsker skal skje. Vi ryddar faktisk miner skarpt, sjølv i fredstid, slik vi også ville gjort i krig, seier kommandørkaptein Ole Torstein Sjo til Forsvarets forum.
– Det er spennande frå den verne- pliktige som sit på sonaren og oppdagar minene, til det kulminerer i ein eksplo- sjon og gjer farvatnet litt tryggare, held han fram.
– Eg har lært veldig mykje berre på dei to månadene vi har hatt oppøving. Så stillinga og kvardagen min har blitt ganske mykje annleis frå kystvakt til Nordkapp, seier Brandt.
Men nå ser ho fram til at dei verne- pliktige skal komme enda tettare saman, og at dei skal klare å bruke all den kunn- skapen dei har fått, til å meistre alle opp- gåvene dei får.
«Vi ryddar faktisk miner skarpt, sjølv i fredstid, slik vi også ville gjort i krig.»
OLE TORSTEIN, KOMMANDØRKAPTEIN
– Vi har nesten blitt ein liten familie.

















































































   108   109   110   111   112