Page 67 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 67

 Ny redaktør i Forsvarets forum – Forsvaret er ein av dei største og viktigaste samfunnsinstitusjonane våre,
Eisenträger (35) kjem frå jobben som utan- riksreporter i VG der han har jobba sidan 2007. Han har tidlegare vore fungerande nyhendesjef for utanriks i same redaksjonen.
– Forsvarets forum dekkjer mange av dei same tema som eg har dekt i VG, og som eg er veldig interessert og engasjert i. Da denne sjansen dukka opp, så måtte eg berre gripe han med båe hender – det er jo fleire tiår sidan denne jobben var ledig sist, seier Eisenträger.
Han tek over redaktørjobben 1. august etter Tor Eigil Stordahl, som har sete i sjefsstolen
i over 25 år til saman. Det var 18 søkarar på stillinga.
– Eg er veldig takksam for alt eg har lært, og moglegheitene eg har fått, gjennom VG i 13 år. Det har vore ei heilt eventyrleg reise, og eg gler meg til reisa vidare her i Forsvarets forum.
Vernepliktig journalist. Dette blir ikkje Eisenträgers første møte med publikasjonen som i år fyller 75. Han avtente verneplikta som journalist i Forsvarets forum frå 2003 til 2004 i Bardufoss.
– Forsvaret er ein av dei største og viktigaste samfunnsinstitusjonane våre, seier Stian Eisenträger.
Det involverer enorme pengesummar, har statens godkjenning til i ytste konsekvens å ta menneskeliv, og soldatar risikerer livet sitt både
seier Stian Eisenträger. heime og ute. Derfor er det viktig med eit fritt
og uavhengig organ som sørgjer for at feil vert avdekte. Det bør leiinga i Forsvaret også vere interessert i.
Eisenträger seier han vil vere forsiktig med å kome med ei «detaljert programerklæring»
for korleis redaksjonen blir framover. Men nokre idear har han allereie på blokka.
– Eg vil ta med meg noko av lærdomen frå VG. Det blir viktig å utvikle nyhendejourna- listikken og metodane for å grave fram eigne nyhendesaker. Det første målet vårt må vere å levere metoderapport til SKUP – med sikte på at det vert ein pris.
I tillegg ønskjer han å sjå på moglegheitene for å reindyrke feature-formatet i papirutgåva og utforske digitale forteljarteknikkar. Og ikkje minst: nå ut til enda fleire.
Dyktig og uredd. – Eg er veldig glad og stolt over at Eisenträger har takka ja til stillinga som ansvarleg redaktør, seier brigader Arne Oppe- rud, sjef for Forsvarets fellestenester (FFT).
FFT er utgivar for For- svarets forum, og Oppe- rud har vore ansvarleg for tilsettingsprosessen.
– Eisenträger har solid presserøynsle og eit særs godt renommé som redaksjonell
leiar. Han har markert seg som ein veldig dyktig og uredd journalist på område som er viktige for oss: forsvar, tryggleikspolitikk og utanrikspolitikk. Han har også ei solid utdan- ning, seier han.
– Kva for forventningar har du til den nye redaktøren?
– Eg har ei forventning om at han skal skape spennande og utfordrande journalistikk for lesarane og Forsvaret. Det har vi behov for.
Eg har også forventningar om at han skal kunne bidra inn til leiargruppa han er del av i FFT og ikkje minst ta vidare inn i framtida det gode arbeidet som har vore gjort av dei som kom før han.
LOUISE THOMMESSEN lt@fofo.no FOTO: ERLING EIKLI
  JUNI 2020 67











































































   65   66   67   68   69