Page 10 - Forsvarets forum 6-2019
P. 10

forsvaret&eg  »  Dag Otto Lauritzen




                                                   Dag Otto Lauritzen
                                                       63 år
                                                       Gift, to barn og to barnebarn
                                                       Tidlegare proffsyklist og kjend
                                                    frå fleire TV-program
                                                       Våren 2020 startar TV-serien
                                                    «Kompani Lauritzen» på TV2

      » – Vi skulle hoppe fallskjerm under ei
        repetisjonsøving i Nord-Noreg. Troppen med
        fallskjermjegerar sat klare i ein Twin Otter
        som hadde klatra til 10 000 fot. Mellom beina
        hadde eg festa ein sekk på 20–30 kilo. Idet eg
        hoppa ut, skjønte eg med ein gong at noko var
        gale.
          Utan at Dag Otto Lauritzen merkar det, har
        ein karabinkrok losna. Idet han hoppar ut,
        vert sekken forskuva til den eine sida, og vin-
        den tar tak slik at han byrjar å rotere. Ute av
        kontroll trekkjer han skjermen som kjem opp
        mellom beina hans, så snorene surrar seg rundt
        høgrefoten.
          – Eg går rundt som ei kråke og heng med eitt
        opp ned i lufta. Det er det siste eg hugsar før eg
        uvitar, fortel han.
          Lauritzen fell mot bakken i rasande fart. Like
        før han råkar marka, kjem han til seg sjølv. I
        siste liten får han losna beinet frå snorene så
        han ikkje møter bakken med hovudet først.

        Amputasjon. På sjukehuset i Hammerfest kan
        dei konstatere at skadane er omfattande med
        avrive krossband, leddband, beinbrott og krasa
        kneskål. I tillegg er hovudpulsåra strekt. Hadde
        ho roke, måtte han ha amputert beinet.
          – På denne tida jobba eg som politimann
        og var i gang med kurs for å bli med i Bered-
        skapstroppen. Legen fortalde etter operasjonen
        at skaden sannsynlegvis ville gi meg delvis stivt
        bein, og at eg ville ha problem med å gå normalt
        igjen. Men eg bestemte meg  for å gjere alt eg
        kunne for å vise at legen tok feil.
          Sykling var ideelt for å trene seg opp igjen
        etter skaden. Og allereie året etter ulykka blir
        han noregsmeister i B-klassa.
          – Eg har lært at somme gonger kan ulykker,   SJØLVINNSIKT: I Forsvaret lærte
        sjukdom eller andre negative ting gjere at det   eg mykje om meg sjølv. Blant anna
        vert opna nokre nye dører. Sånn sett kan eg kan-  at når ein trur ein er heilt i kjella-
        skje «takke» Forsvaret for at livet tok ei heilt ny   ren, så er ein eigentleg berre halv-
        vending, og at eg vart syklist.           veges ned trappa, seier Dag Otto
                                                  Lauritzen.
        Frå proffsyklist til TV-skjermen. I dag er tidle-
        gare fallskjermjeger Dag Otto Lauritzen kanskje
        best kjend som TV-kjendis. Saman med makker
        Kristian Ødegård har han sykla verda rundt.   våren 2020, skal deltakarane blant anna gjen-  fortsona og opplever sterk kjensle av meistring.
        Frå neste år trer dei to inn i heilt nye roller   nom rekruttskole og helvetesveke. Ein etter ein   Og så skapar ein veldig tette band. Dei som var
        når 14 kjendisar blir innrullerte i «Kompani   ryk dei ut heilt til fire står igjen som skal gjen-  med i TV-innspelinga, har hatt fleire sosiale
        Lauritzen».                            nom den avsluttande militærøvinga. Til slutt   samlingar allereie, heilt på eige initiativ. Når ein
          – Det var utruleg fascinerande å sjå korleis   skal det kårast ein vinnar.  har vore med på noko tøft saman, så skapar det
        deltakarane levde seg inn i rollene sine. Dei   – Berre ein av deltakarane hadde vore i For-  band som varar.
        gjekk opp i rett, sjølv når det ikkje var kamera   svaret tidlegare. Målet var ikkje å lage soldatar,
        til stades. Dei bad om løyve til å få gå på do og   men å få fram dei beste utgåvene av dei sjølve.  Helvetesveka. Sjølv hugsar han attende på tene-
        stod opp ein time før revelje for å vaske rommet.   – Hadde kjendisane godt av å prøve seg på   sta som fallskjermjeger med stoltheit. Planen
        Dei levde i ei forsvarsboble, fortel Lauritzen som   «førstegongstenesta»?   var eigentleg å jobbe om bord på eit skip etter
        har rolla som «oberst».                  – Eg trur alle har godt av eit slik år der ein   vidaregåande. Dra på jordomsigling, samle
          I programmet, som har premiere på TV2   lærer seg disiplin, blir utfordra utanfor kom-  opplevingar og tene pengar. I staden kom det ei
     10  DESEMBER 2019
   5   6   7   8   9   10   11   12   13   14   15