Page 78 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 78

  Smittevakt på kystvakta
– Det siste vi vil, er å smitte ei heil besetning, seier Einar Hordvik. 28-åringen er lege på KV Andenes.
Covid-19 har endra kvardagen til den verne- pliktige løytnanten. Likevel har det vore viktig å halde fram med trening og undervisning – for å bidra til at Kystvakta kan halde fram med ope- rativ aktivitet.
Kjent smittevern. Som lege i Kystvakta er ikkje fokus på smittevern noko nytt for Einar. Med eit så omfattande virus som covid-19 er, har det vore viktig å formidle dette fokuset vidare til resten av besetninga.
– Vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet og har fokus på hyppig handvask og god avstand. I tillegg har vi eigne tiltak som å sitje annakvar
SJØFORSVAInRnEhoTld fra FoIrnsnvharoeltd fra Forsvaret 78 JUNI 2020
i messa og desinfisere kontaktpunkt om bord, fortel Einar.
Han meiner at ein viktig grunn til at dei har unngått smitte, er at dei var tidleg ute med til- tak. Det har vore avgjerande for å oppretthalde operativ aktivitet i Kystvakta.
– Om vi først får smitte om bord, vil det spreie seg fort. Det siste vi vil, er å smitte ei heil besetning, fortsett han.
Lik kvardag. Kvardagen om bord på KV Ande- nes har elles ikkje endra seg betrakteleg. Einar er framleis i beredskap, og han held fram med undervising og øvingar om bord.
Det er viktig for han å vere ein ressurs og byggje på kompetansen sin. Mellom anna ved å bli klarert til heising med NH90-helikopter. Det betyr at han sjølv kan fira seg ned frå helikopte- ret i redningsoperasjonar.
– No kan eg bidra i ein helikopteroperasjon utan å vere ei belastning for helikoptermann- skapet. Det er givande, meiner han.
Ein viktig del av jobben hans som lege er å vere klar til å rykke ut både i militære og sivile situasjonar. Om KV Andenes er på tokt til verne- sona, kan anna legehjelp vere langt unna. Då er det viktig at han har best mogleg føresetnad for å kunne hjelpe.
 





















































































   76   77   78   79   80