Page 79 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 79
OPERATIV: Med godt smittevern gjer Einar Hordvik sitt for at Kystvakta skal kunne halde fram med operativ aktivitet. FOTO: ODA LINNEA BREKKE IDEN/FORSVARET
– Eg er nøydd til å ha nødvendig kompetanse og kunne bruke den om uhellet skulle vere ute. Difor er det til dømes viktig at eg får mogleg- heita til å bli klarert, seier legen.
Tokt utan lege. Dei fleste av tokta i Kystvakta er utan lege om bord. Då er det sanitetslaget som står for beredskapen. Dei står sentralt i handte- ringa av større hendingar om bord, som brann og havari. Som lege er det Einar som må sørgje for at dei er skikka til å handtere situasjonar som kan oppstå.
– Den viktigaste oppgåva mi er difor å trene
sanitetslaget. Dei må fungere optimalt, også når eg ikkje er om bord, seier Einar.
Gjennom øvingar og leksjonar om bord får sanitetslaget trena på ulike scenario. Alt frå å behandle ein som har falt over bord og er kraftig nedkjølt, til å behandle brannskader. Dette gjer at sanitetslaget blir best mogleg rusta.
Betre førebudd. Den siste tida har vore prega av uvisse. Einar meiner Forsvaret har takla det bra. Det har vore avgjerande for at han og resten av sanitetslaget har kunna fungere like godt som tidlegare.
– Leiinga var tidleg ute med gode og klare føringar. Det gjorde som er på jobb i Forsvaret, trygge, fortel Einar.
– Sjølv om ingen kunne sjå for seg kor omfattande situasjonen med covid-19 ville bli, har Forsvaret takla det på ein god måte. Likevel er det stadig noko å ta lærdom av. Det er alltid viktig å evaluere tiltaka vi gjer i ein slik situa- sjon. På den måten kan vi stille betre førebudd om noko liknande skulle oppstå igjen, seier Einar Hordvik.
Presse- og informasjonssoldat HELENE SYNES
JUNI 2020 79