Page 80 - Forsvarets Forum nr. 3 2020
P. 80

 Gassa på med
digitaliseringa
Auka digitalisering blei noko av løysinga i Sjøforsvaret under koronapandemien.
Koronaen gjorde at Sjøforsvaret fekk ein heilt ny arbeidskvardag. Mange måtte ta i bruk heimekontor, og dei kunne ikkje reise som tidlegare.
Gassa på. – Planen var å implementera nye løysingar før 2021. Covid-19-pande- mien gav oss ei moglegheit til å gassa på, fortel Odd Sverre Oma, ein av innføringsleiarane.
Å jobbe ugradert når det er mogleg gjer at fleire har kunna ta i bruk hei- mekontor under koronapandemien. Dei ugraderte løysingane har fungert godt for mellom anna stabssjef Gunnstein Bruåsdal Sjøforsvarsstaben.
– Eg er særskild nøgd med dei nye løysingane, og det verkar som om mange i leiinga tenkjer det same, for- tel stabssjefen.
Klarert for
helikopter
«Høyr etter om bord, det er oppstilling etter helikopterrulle ...» Flydekksmannskapet møter i hangar, og på bru er dei klare for å halde utkikk.
  Miljøvenleg og effektivt. Også leiar- gruppemøta til leiinga i Sjøforsvaret har teke i bruk nye digitale løysningar. Til vanleg deltek personell frå heile landet på desse møta, som går føre seg på Haakonsvern. No kan dei ha graderte videomøte på kvart sitt kontor.
– Under leiargruppemøta har me personell som ofte reiser lange strek- ningar for å delta. Det at me no kan spare både miljø og økonomi ved å ha digitale møte, er sjølvsagt positivt, meiner stabssjefen.
Presse- og informasjonskonstabel ODA LINNEA BREKKE IDEN
 Alle gjer sitt for at det også denne gongen skal gå fint å ta av og lande NH90-helikopteret.
Når eit mannskap blir møn- stra i helikopteroperasjonar, er målet å bli klarert for å kunne ha helikopter om bord. For å få til det er det viktig å vere opp- tekne av tryggleik.
– Det er viktig at måten båten og helikopteret arbeider saman på, er trygg, seier Ståle Mauland, fartøysjef på NH90. Så må prosedyrane vere riktige. Ope- rasjonane skal kunne utførast utan å utsette verken mannska-
pet på helikopteret eller dei om bord i båten for unødig fare.
Om ulykka skjer. Sjølv med så stort fokus på tryggleik kan det oppstå nødssituasjonar under ein helikopteroperasjon. Då er det viktig at alle veit kva dei skal gjere. Enten det er å halde utkikk på bru eller å redde per- sonell ut av eit brennande heli- kopter. Alle oppgåvene er like viktige for å sørgje for eit best mogleg utfall av situasjonen. Med eit helikopter om bord er Kystvakta også betre førebudd
på å hjelpe andre i nød. Om det oppstår brann om bord i ein fiskebåt i vernesona, kan anna hjelp vere langt unna. Då er det ein fordel om Kystvakta kan bidra. Difor har ein del av mønstringa gått med til heise- øvingar: frå sjø, flåte og dekk.
Mengdetrening. Utanom å trene på kva som kan skje har møn- stringa gitt dei meir enn nok tid til å trena på det som skal skje. NH90-helikopteret har tatt av og landa fleire gongar om dagen. Kvar gjennomføring er like
  80
SHJÆØFROERNSVARInnEhTold fra FoIrnsnvharoeltd fra Forsvaret JUNI 2020













































































   78   79   80   81   82