Page 78 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 78

  Rollemodellen
Arild Edinsen er ny sjefsmeister for Sjøforsvaret. Han vil vere ein rollemodell for spesialistane.
Edinsen ser fram til å bruke erfaringa si til å vidareutvikle kulturen i Sjøforsvaret.
Suget etter havet. – Dei fem første åra av forsvars- karrieren min var i Hæren. Der var eg med på
å opprette Telemark bataljon. Tida i Hæren er noko eg ser tilbake på som god erfaring, og eg stortreivst.
Edinsen tek ein liten pause og ser ned på kaia på Haakonsvern før han fortsett:
– Men suget etter havet blei for stort. Eg har vakse opp på eit fiskevær på Nordmøre og ville tilbake til kjente trakter, seier han.
Kystjegerkultur. Etter å ha gått Sjøkrigsskulen var han mange år i Marinens jegervåpen knytt til
SJØFORSVAInRnEhoTld fra FoIrnsnvharoeltd fra Forsvaret 78 AUGUST 2020
Kystjegerkommandoen. Kulturen i Kystjeger- kommandoen har i stor grad vore med på å forme han og måten han arbeider på.
– Kjerneverdiane som eg hadde i Kystjeger- kommandoen, er dei same som eg lever etter
no. Eg er sikker på at vi finn igjen dei same ver- diane om bord på fartøya våre og at vi snakkar same språk. Sjølv om arbeidet mitt er annleis
og mindre operativt no, er det like viktig med god arbeidsmoral: å alltid ville bli betre og holde ein høg standard, fortel ein tydeleg engasjert Edinsen.
Leiarskap. Desse kjerneverdiane er noko han vil bruke tid på å snakke om i den nye jobben sin som sjefsmeister. Ei viktig oppgåve som
sjefsmeister er å vere ein rollemodell for spesi- alistane og gå fram som eit godt eksempel og som ein god leiar.
– Noko eg og tar med meg frå tida i Kystjeger- kommandoen, er verdien av godt leiarskap. Eg hadde ein sjef som eg respekterte og ikkje ville skuffe. Han gjorde at sjølv om vi var slitne og leie, så gav vi oss aldri. Ein sjef som du ser opp til, vil føre til betre prestasjon, uansett om det er ein kommando, ei besetning eller ein tropp.
Konvertert. Edinsen er motivert og klar for job- ben, men han er også bevisst på at han vil by på utfordringar.
– Den første store oppgåva mi vil bli å få sluttført innføringa av OMT. Der har vi ein frist
 
















































































   76   77   78   79   80