Page 79 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 79

 ut desember som vi skal nå, fortel han. Innføringa av OMT betyr blant anna at fleire
offiserar må konvertere til spesialistsøyla. For nokre av dei kjennest det feil.
– Nokre har vore offiserar i fleire år og føler seg som offiser i stillinga si. Dei vil ikkje kon- vertrere, og det har eg stor respekt for. Eg har nylig konvertert sjølv, men for meg var det heilt naturlig. Handverket og oppgåvene til spesia- listane har alltid vore noko eg har brent for, og eg har vel alltid vore mest ein spesialist, seier han.
Auka ståtid. OMT er ei stor og omfattande end- ring, men om vi skal ta det ned til kjernen, er det eitt mål som er spesielt viktig: auka ståtid.
– For å få auka ståtid blant spesialistane må vi knekke koden og finne ein balanse mellom godt arbeidsmiljø, høge standardar, moglegheita for eiga kompetanseheving og ei lønnsutvikling som vil motivere til å bli verande, ifølgje Arild Edinsen.
Ikkje sliten. Høge standardar og vilje til å bli betre er verdiar Edinsen sett svært høgt. Han har sjølv opplevd kor viktig det er å trene og halde standarden oppe. I tida si i Kystjegerkom- mandoen hadde han to turar til Afghanistan og opplevde dagleg høg risiko.
– Det er menneskeleg å slakke på standar- den og desto viktigare å drille og trene for å unngå det. Eg såg det sjølv i Afghanistan. Vi var
i eit stridsområde, men det var varmt, og ting tok lang tid. Eg byrja å slakke og tok av meg hjelmen. Det hadde aldri skjedd under øving, men vi følte kanskje vi hadde «kontroll», fortel Edinsen.
Vilja til å bli betre er noko Edinsen har fått inn heilt sidan oppveksten. Far hans var fiskar og jobba mykje. Haldningane Edinsen har i dag, stammar mykje frå haldningane far hans hadde.
– Far min sa alltid: «Du er aldri sliten før job- ben er ferdig.» Det har eg tatt med meg uansett kva oppdraget mitt har vore, seier Edinsen.
Presse- og informasjonssoldat HELENE SYNES
FISKARLÆRDOM: Arild Edinsen siterer far sin: Du er aldri sliten før jobben er ferdig. FOTO: HELENE SYNES
 AUGUST 2020 79
 





















































































   77   78   79   80   81